Aktuelt og media
(12.01.2017)
 

Hindrar tilgangen til ulovlege nettstader

Tussa har saman med seks andre internettleverandørar i Noreg blitt pålagt av Oslo tingrett å hindre tilgangen til fleire ulovlege nettstader for fildeling. Bakgrunnen for dette er eit søksmål frå åtte store, amerikanske produksjonsselskap som sit på opphavsretten til ei rekkje filmar og TV-seriar.

Tilgangen til nettstadene vert stengt fortløpande og seinast 26. januar 2017. Dersom Tussa sine kundar prøver å gå inn på ein av nettstadene etter stenginga, vil dei kome til ei informasjonsside.
 
Nettstadene som Tussa vil hindre tilgangen til har allereie blitt blokkert av dei største internettilbydarane i Noreg. Dette skjedde etter ein liknande dom i 2015.
 
Tussa oppmodar alle til å nytte seg av lovlege tenester for musikk og film.