Aktuelt og media
(11.06.2014)
 

Gunnar Gjørtz attvalt som styreleiar i Tussa

Gunnar Gjørtz er valt til styreleiar i Tussa for eit nytt år. Nestleiar er Hilde Marie Brungot. Val av styreleiar og nestleiar skjedde i styremøte 6. juni.

Gunnar Gjørtz er utdanna handelsøkonom frå Handelsakademiet i Oslo (no BI). Han har bakgrunn som finansdirektør i mellom anna NetCom, Løvenskiold Vækerø og i Hafslund. Gjørtz var også fire år i England og Frankrike med det fransk-belgiske konsernet Suez Lyonnaise des Eaux og var i si tid finansdirektør i det då børsnoterte Nora Eigedom, som blei kjøpt opp av KLP i 1995. Frå 1. januar 2011 har han vore administrerande direktør i KLP Eigedom.
 
Gunnar Gjørtz har vore styreleiar i Tussa sidan 2. mai 2013.
 
 
 
 
 
Styret i Tussa Kraft AS:
Gunnar Gjørtz
Kjell Arne Aurstad
Hilde Marie Brungot
Lars E. Bjåstad Hovli
Sindre Rotevatn
Inger Sandvik Sundnes
Lena Nordal Vedeld
Vivian Roppen (tilsetterepresentant)
Håvard Marøy (tilsetterepresentant)
Oddbjørn Nordang (tilsetterepresentant)
Harald Klokk (tilsetterepresentant)