Aktuelt og media
(15.08.2016)
 

Google-topp til årets IT-konferanse

Den 15. september vert IT-konferansen arrangert på Giske utanfor Ålesund. Konferansen er ein viktig møteplass for IKT-interesserte på Sunnmøre og Nordfjord, og har i år fått med seg talarar og utstillarar frå Google Norge, Bellona og Tesla.

IT-konferansen 2016
Det er seks år sidan Tussa arrangerte den første IT-konferansen. I år arrangerer Tussa og TAFJORD denne konferansen saman, noko som betyr ein større konferanse med fleire gjester, utstillarar og føredragshaldarar.
 
- Vi er glade for samarbeidet med TAFJORD og moglegheita dette gir for å halde ein enda betre konferanse. Eg ser fram til den beste føredragsrekkja vi har hatt fram til no, seier adm. direktør i Tussa IKT, Ivar Driveklepp.
 
- Tema for konferansen er innovasjon og ny teknologi, og om vi grip dei moglegheitene teknologien gir oss. Stikkord i denne samanhengen er sikkerheit, skylagring og infrastruktur. Dette er særs aktuelle tema, seier adm. direktør i Tafjord Marked, Gunnar Hareide.
 
Oddgeir Garnes, industry leader i Google Norge er ein av dei som vil belyse temaet. I tillegg kjem Frederic Hauge frå Bellona, som vil sjå på IKT i eit miljøperspektiv. Ti utstillarar vil syne fram 3d-printing, el-bilar og kommunikasjonsløysingar for skip, for å nemne noko.
 
Samarbeid mellom TAFJORD OG Tussa
Bakgrunnen for samarbeidet er at Tussa og TAFJORD begge byggjer ut fibernett og er store leverandørar av kommunikasjonsløysingar i kvar sine område. Fibernetta i dei to områda legg forholda godt til rette for å levere trygge IT-tenester med høg oppetid.
 
Oddgeir Garnes i Google Norge
kjem til årets IT-konferanse
på Giske. (Foto: LinkedIn)
 
Øygardshallen på Giske
IT-konferansen vert arrangert i Øygardshallen på Giske. Du kan lese meir om programmet og finne informasjon om påmelding her: