(04.10.2019)
 

Godt tertial for Tussa

Høgare produksjonsvolum, høgare oppnådd kraftpris og lågare andre driftskostnader er hovudårsaka til det gode resultatet i Tussa 2. tertial 2019. Rekneskapen pr. 2. tertial syner eit driftsresultat på 129,4 mill. kr, som er ei auke på 92,8 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2018.

Rekneskapen pr. 2. tertial 2019 syner eit driftsresultat på 129,4 mill. kr (36,6) og eit resultat før skatt på 76,9 mill. kr (16,5). Omsetninga vart 737,3 mill. kr (633,4), totalkapitalen er 2 838,1 mill. kr (2 943,2) og eigenkapitalprosenten er 31,9 % (29,4). Netto finans syner eit resultat på -52,5 mill. kr (-20,1). Tilsvarande tal pr. 2. tertial 2018 står i parentes.

Konsernet har ein auke i driftsresultatet på 92,8 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2018. Hovudårsaka til auken i driftsresultatet er høgare produksjonsvolum, høgare oppnådd kraftpris og lågare andre driftskostnader. I fjor vart turbinane i Tussa kraftverk på Bjørke rehabilitert og oppgradert, og kraftverket var ute av drift i nærare 6 månader.

Tussa Energi AS er største bidragsytar til auken i resultatet, men alle selskapa viser positiv resultatutvikling sett i høve til 2. tertial 2018.

 Tertialrapport 2 2019