Aktuelt og media
(14.06.2017)
 

Godt resultat for Tussa 1. tertial

Rekneskapen for 1. tertial 2017 syner eit driftsresultat på 70,6 mill. kr og eit resultat før skatt på 55,8 mill. kr. Kraftproduksjonen og nettverksemda er dei største bidragsytarane til resultatet.

Tussa

Rekneskapen for 1. tertial 2017 syner eit driftsresultat på 70,6 mill. kr (76,6) og eit resultat før skatt på 55,8 mill. kr (62,1). Omsetninga vart 298 mill. kr (310), totalkapitalen er 2 416 mill. kr (2 341) og eigenkapitalprosenten er 35,6 % (34,8). Netto finans syner eit resultat på -14,8 mill. kr (-14,5). Tilsvarande tal for 1. tertial 2016 står i parentes.

Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 6,1 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2016. Kraftproduksjonen og nettverksemda er dei største bidragsytarane til resultatet. Samtidig er resultatet i nettselskapet hovudårsak til resultatreduksjonen. Dette har samanheng med at nettselskapet i 2016 hadde ei eingongsinntekt som følgje av fusjonen mellom Tafjord Kraftnett og Tussa Nett. Resultatet innanfor kraftproduksjon viser ei positiv utvikling samanlikna med 1. tertial 2016, og for dei andre dotterselskapa er resultatutviklinga også positiv.

 Last ned tertialrapport 1 2017