Aktuelt og media
(13.10.2017)
 

Godt resultat 2. tertial

Tussa hadde eit driftsresultat på 76 mill. kr pr. andre tertial 2017.

Rekneskapen pr. 2. tertial 2017 syner eit driftsresultat på 76 mill. kr (115) og eit resultat før skatt på
71 mill. kr (86). Omsetninga vart 514 mill. kr (556), totalkapitalen er 2 376 mill. kr (2 284) og eigenkapitalprosenten er 36,9 % (35,9). Netto finans syner eit resultat på -4 mill. kr (-29). Tilsvarande tal for
2. tertial 2016 står i parentes.

Hovudårsaka til reduksjonen i driftsresultatet, er at Mørenett hadde ei betre ordinær inntektsramme i 2016 enn i 2017, og at selskapet i 2016 hadde ei eingongsinntekt (harmoniinntekt) som følgje av fusjonen mellom Tafjord Kraftnett og Tussa Nett. Kraftproduksjon viser lågare resultat enn på same tidspunkt i 2016, medan Tussa IKT, Tussa-24 og Tussa Installasjon har hatt positiv resultatutvikling i forhold til same periode i fjor.

Finansresultatet er -4,1 mill. kr mot -28,9 mill. kr på same tid i fjor. Hovudforklaringa til resultatforbetringa
er ei finansinntekt på 24 mill. kr i samband med fisjon av ekstern entreprenørverksemd i
Mørenett, og sal av denne verksemda til BKK Enotek pr. 01.05.2017.

Skattekostnaden er estimert til 24,2 mill. kr (33) pr. 2. tertial. Av dette er 11,3 mill. kr (21,9) overskotsskatt
og 12,9 mill. kr (11,1) grunnrenteskatt. Skattekostnaden utgjer etter dette om lag 34 % av
konsernresultatet (38 %). Resultat etter estimert skatt er 47,2 mill. kr (53,4). Resultatet er prega av ei bokført finansinntekt i Mørenett etter sal av ekstern entreprenørverksemd.
 
Investeringane er på 119,4 mill. kr (115,7), i hovudsak fordelt på nett med 51,1 mill. kr, IKT med
44,9 mill. kr og produksjon med 21,6 mill. kr.