(13.06.2019)
 

Godt 1. tertial for Tussa

Tussa har eit driftsresultat på 119,3 mill. kr første tertial 2019, og eit resultat før skatt på 118,6 mill. kr. Samanliknar vi med første tertial i fjor, er det ein auke i driftsresultatet på 89,5 mill. kr.

Omsetninga første tertial vart 467,2 mill. kr, totalkapitalen er 2 982,9 mill. kr og eigenkapitalprosenten er 31.3 %.
 
- Hovudårsaka til auken i driftsresultatet er auka kraftproduksjon, høgare kraftprisar og lågare andre driftskostnader. I 2018 var Tussa kraftverk på Bjørke under rehabilitering, og sto difor i to månader i første tertial, forklarar konsernsjef Elling Dybdal.
 
Det er Tussa Energi AS, som eig og driv Tussa sine 22 vasskraftverk, som er støre bidragsytar til auken i resultatet, men også Mørenett AS og Tussa IKT AS har hatt positiv resultatutvikling samanlikna med 1. tertial i fjor. Tussa-24 viser lågare resultat, medan Tussa Installasjon AS viser same resultat som i fjor.