Aktuelt og media
(06.10.2017)
 

God stemning på Tussatun då vi delte ut 100 000 kroner

Årets 10 gode gjerningar spreidde mykje glede i Krafttaket 2017. Torsdag kunne vi i Tussa med stoltheit dele ut 100 000 kroner til dei 10 deltakarane i Krafttaket 2017.

 
Gjengen blei samla til ei kjekk stund på Tussatun i Ørsta for presentasjon av dei ulike gjerningane og uhøgtidleg premieutdeling.
 
Marknadssjef Lise Ulstein deler ut 24 524,- kroner
til dei som fekk flest stemmer, Vartdal skitrekk.
 
Vanylven Røde Kors Hjelpekorps fekk 2. plass med
4 120 stemmer. Det gav 17 865 kroner i kassa.
To kjekke jenter frå Hødd handball som var svært
nøgde med servering av pizza etter ein lang skuledag.
Ingen fest uten kake!
 
Her er ei oppsummering av dei gode gjerningane og kor mykje dei ulike laga/organisasjonane fekk i premie:
 

1. plass - VARTDAL SKITREKK fekk ein premie på kr 24 524,-

Dugnadsgjengen i Vartdal skitrekk har jobba hardt med å forlenge langrennsløypa på Vartdal. Med traktor, lastebil, motorsag og beitesaks har dei med stor iver og pågangsmot brukt fleire ettermiddagar og kveldar på å rydde den nye løypa.
 

2. plass - VANYLVEN RØDE KORS HJELPEKORPS fekk ein premie på kr 17 865,-

Vanylven Røde Kors Hjelpekorps inviterte ungdomane i bygda til søk- og redningsøving. 19. september var 40 engasjerte ungdomar og hjelpekorspfolk samla til øvinga. Alt mannskap blei fordelt på 4 lag og sende ut på leiting etter to sakna personar. Ungdomane fekk prøve seg på radiosamband, delta i søkerekker, gi førstehjelp til dei skadde personane og til slutt hente ut personane med båre og bringe dei forsvarleg tilbake til hovudkvarteret.

 

3. plass - GJERDSVIKA IL fekk ein premie på kr 13 427,-

Trimgruppa i Gjerdsvika IL inviterte heile bygda til gåtur frå Sødalen til Hidsdalen med innlagt matpause. 33 personar blei med på den flotte turen og hadde ein kjekk dag i lag. Trimgruppa legg elles ned mange dugnadstimar kvart år med merking og utbetring av turstiar i området.

 

4. plass - BARNEKORET FRAM fekk ein premie på kr 10 783,-

Til stor glede for bebuarane på omsorgssenteret på Fiskå kom Barnekoret FRAM for å halde konsert for dei. Koret elskar å spreie glede til dei rundt seg ved å synge og showe.
 

5. plass - ULSTEIN UNGDSOMSKULE (niande trinn) fekk ein premie på kr 10 619,-

Niandeklassingane ved Ulstein ungdomsskule gjennomførte 3 gode gjerningar.  Måndag 18. september var 19 jenter på sjukeheimen i Ulsteinvik for å gi manikyrbehandling og sosialt samvær til dei eldre som bur der. Stor stemning og mange fjonge og fornøgde fruer som synest dette var stor stas. Onsdag stilte mange ungdomar opp som bøsseberarar for demenssaka medan andre samla ungdomar frå andre land til spelekveld på Skollebakken. Servering av vaflar blei det også. Ein kjekk kveld synest dei.
 

6. plass - HØDD HANDBALL fekk ein premie på kr 7 484,-

Hødd handball med jentelaga (10 og 11 år) og gutelaga (13 og 14 år) rydda strandsona frå Osnessanden ut til og med Roppesanden. Mange store boss-sekkar blei fylt og frakta til SSR. Etter ryddinga kosa klubben seg med bål og pølsegrilling på Osnessanden.
 

7. plass - ULSTEIN TENSING KFUK-KFUM fekk ein premie på kr 7 267,-

Ulstein Tensing gjennomførte to gode gjerningar. Dei gav "syngande gåvekort" til bebuarane på både Alvehaugen sjukeheim og i omsorgsbustadane i Holsekerveien 20. Her song dei salmer som dei eldre kan, Irmelin las eit dikt av Bjørnstjerne Bjørnson, Ragnhild song "Til deg", og koret song Tensing sin eigen song - Back beat - der Dagni og Tonje var solistar. Til slutt song dei velsigninga. Etterpå delte dei ut ferske vaflar og sylte. Bebuarane begge plassar uttrykte stor takksemd for besøket. Dette var også ei kjekk oppleving for ungdomen i Tensing, og dei gjer det gjerne igjen ein annan gong:)
 

8. plass - AUSTEFJORD IL fekk ein premie på kr 2 854,-

Trimgruppa i Austefjord IL har rydda råsa til Langvassetra i Austefjorden. To kveldar har den ivrige dugnadsgjengen brukt på å rydde råsa som ikkje alle plassar var like god å finne, då var det godt å ha både motorsag og beitesaks. No er det berre for folket i Austefjorden og andre tilreisande å nyte den flotte naturen du kan oppleve på veg oppover mot Langvassetra.
 

9. plass - VOLDA INNEBANDY fekk ein premie på kr 2 703.

Volda innebandy si gode gjerning, prosjekt Super-innebandy, gir personar med spesielle behov moglegheita til å vere med å spele innebandy.
 

10. plass - HAREID OG ULSTEIN DYKKERKLUBB fekk ein premie på kr 2 474,-

Hareid og Ulstein dykkerklubb har gjort ein kjempejobb med å rydde hamnene i Ulsteinvik og på Hareid, både under og over vatn. Dei fann mykje skrot, alt frå syklar og dreggar, til plastikk og øydelagde teiner som dei drog opp av vatnet. Mykje av søppelet kjem frå båtar, og klubben meiner det er viktig å synlegjere for folk flest at skrotet ikkje forsvinn sjølv om ein kanskje ikkje ser det.