Aktuelt og media
(24.04.2014)
 

Generalforsamling i Tussa

Torsdag 24. april vart det heldt ordinær generalforsamling i Tussa. Årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknader. Det same vart det føreslegne utbytet på totalt 21,2 mill. kr. Det vart valt tre nye styremedlemmer med personleg vara.

 
Utbyte
Årsrekneskapen syner eit overskot på 60 mill.kr. Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Eigarane underteikna i februar 2013 ny aksjonæravtale, og når det gjeld utbyte skal det betalast ut eit ordinært utbyte på 60 % av resultatet etter skatt under føresetnad av at selskapet leverer gode resultat og har ein tilfredsstillande soliditet. Utbytet på 21,2 mill. kroner som generalforsamlinga vedtok, utgjer 35 % av årets resultat etter skatt.
Styret foreslo eit utbyte på 21,2 mill. kroner for 2013, og det vart vedteke av generalforsamlinga.
 
Val
Det vart gjennomført val av tre styremedlemer med personleg vara. Dei som vart valt er:
Kjell Arne Aurstad m/personleg vara Bente Reklev (Ørsta)
Lena Nordal Vedeld m/personleg vara Mathias Hogne Gjerde (Vanylven og Sande)
Lars Erling B. Hovlid m/personleg vara Jan Berset (Hareid og Ulstein)