Aktuelt og media
(11.09.2015)
 

Framleis låge kraftprisar

Ein marknad med meir kraftproduksjon og mindre kraftforbruk er den viktigaste årsaka til at kraftprisane vil halde seg låge dei neste fem åra.

tor_web.jpg

Tor Havåg, leiar av krafthandelsavdelinga i Tussa, såg på utviklinga i kraftmarknaden dei siste 12 månadene og kva trendar vi ser framover i sitt innlegg under Tussa si energikonferanse torsdag.

Det er mange faktorar som påverkar kraftprisen, og viktige drivarar er hydrologi, kjernekraft, ny fornybar energi og politikk. Og ikkje minst er vi i Noreg sterkt knytt til resten av Norden, tysk og europeisk kraftmarknad.

- Vi ser at kraftprisen har gått ned dei siste 12 månadene, og i sommar var vi attende på same nivå som vi var sist på 1990-talet. Engrosprisar for kraft under 10 øre/kWh er noko vi ikkje har sett på lenge, og i ferietida hadde vi seks veker med dette, fortalde Tor Havåg.

Og alt tyder på låge kraftprisar også i åra framover.
- Marknaden er spesielt nedprisa i 2015, 2016 og første del av 2017. Prognosane viser at vi må eit stykke ut på 20-talet før vi igjen får prisar over 30 øre. Vi ser også stadig meir ubalanse i marknaden mellom produksjon og forbruk. I dag er vi nokolunde i balanse med eit kraftforbruk som er likt kraftproduksjonen. Framover ser vi at produksjonen aukar, utan at vi har den same auken i kraftforbruket, og dette toppar seg i 2027. Årsaka til dette er stor vekst i fornybar kraft, samstundes som det er stabil produksjon av kjernekraft og nedbygging av kolkraft.
 
Men sikker kan ein ikkje vere.
- Det at vi får ein vesentleg større del fornybar energi inn på marknaden vil gi mindre stabile prisar. Til dømes kan tørre år gje mellombels oppgang i kraftprisane. Også klimapolitikk, ny teknologi, folkevekst og økonomisk vekst kan påverke prisane.