Aktuelt og media
(15.04.2015)
 

Fora Form kjøper 100 % fornybar energi frå Tussa

Fora Form har teikna avtale med Tussa om levering av 100 % fornybar energi dei neste tre åra. Bedrifta tek med dette nok eit steg i å redusere miljøfotavtrykket, og avtalen er eit supplement til ei lang rekkje tiltak som er gjennomført dei siste åra.

Fabrikken på Mosflata har allereie redusert miljøpåverknaden ved å kople seg på fjernvarmenettet til Ørsta Eldhus, som leverer varme ved å brenne restavfall frå skogsindustrien. Dei har også innført energiovervaking gjennom Enøk-senteret for å få god oversikt og kontroll med forbruket sitt. I tillegg har dei teke eit tydeleg standpunkt i val av materiale til produkta, og har ei god handtering av avfall frå produksjonen.

Gjennom den nye kontrakten vil Fora Form få sertifisert kraftforbruket sitt som 100 % fornybart. I praksis betyr det at bedrifta betalar eit påslag til kvar kilowattime som vert øyremerka utbygging av meir fornybar energi. Dei får gjennom ordninga kraft med opphavsgaranti, som garanterer at krafta kjem frå fornybar produksjon.

Fora Form er i dag ein del av Lammhults Design Group, og miljøprofilen til det svenske konsernet er godt etablert. Gjennom tiltaka som Fora Form har gjennomført lokalt leverer dei godt innanfor dei strenge krava dei vert møtt med frå kundar og samarbeidspartnarar i bransjen.

-Vi set stor pris på å få teikne ei ny og utvida avtale med Fora Form. Dei har i avtalen teke eit viktig standpunkt gjennom å kjøpe kraft med opphavsgaranti. Sjølv her på Sunnmøre, med ein god og stabil vasskraftproduksjon, er vi del av ein større europeisk kraftmarknad der andelen fornybar produksjon skal aukast, seier salssjef Margrete Heltne Hovde i Tussa.
 
Foto: Fora Form fekk onsdag 15. april overrekt eit garantibevis for at kraftforbruket deira er 100 % fornybart. Frå venstre er Arnt Idar Dalen, manager R&D Department i Fora Form, Frode Sporsheim, salssjef Norge i Fora Form, Margrete Heltne Hovde, salssjef i Tussa og Frank Vatne, energirådgjevar i Tussa.