(15.08.2019)
 

Følg sluttspelet i Tussaligaen direkte

Neste helg blir første sesong i Sunnmøre sin e-sportliga avslutta med finaler i FIFA 19, Rocket League og Counter-Strike:Global Offensive.

Tussaligaen FINALE.png

Laurdag 24. august og søndag 25. august blir sluttspelet i Tussaligaen arrangert i Ørstahallen. Tussaligaen har gjennom våren og sommaren samla over 200 spelarar til konkurranse i tre av dei mest populære dataspela.

Sluttspelet kan du sjå som publikum i Ørstahallen, eller direkte på Tussaligaen sin Twitch-kanal. På sendeplanen står alle finalekampane i tillegg til semifinalekampane. Det er jamt i teten i Tussaligaen, så alt tyder på spennande finaler i alle spel.
 

Program for finalehelga

Under ser du ei oversikt over når dei ulike kampane vert spelt.
 

Laurdag:

Kl. 13.00: Opning av sluttspelet

Kl. 13.30: FIFA semifinale 1

Kl. 14.30: FIFA semifinale 2

Kl. 15.30: Rocket League Semifinale 1

Kl. 16.30: Rocket League Semifinale 2

Kl. 17.30: FIFA finale

Kl. 18.30: Rocket League finale

Søndag:

Kl. 12.00: Opning av sluttspelet

Kl. 12.30: CS:GO semifinale 1

Kl. 15.30: CS:GO semifinale 2

Kl. 19.30: CS:GO finale
 
Det kan kome endringar i programmet.