Aktuelt og media
(14.05.2014)
 

Fiberutbygging i sju kommunar

Tysdag starta salet av Tussafiber i Fiskå i Vanylven kommune. Det betyr at Tussa no sel fiber i alle kommunane på søre Sunnmøre.

Informasjonsmøte i Fiskå
Tussa si utbygging av fiber skjer felt for felt i kommunane. For at det skal bli utbygging i eit felt må 60 prosent av innbyggjarane i det definerte feltet kjøpe fiber.
 
Oversikt over fiberfelt i kommunane på søre Sunnmøre: Ørsta, Herøy, Volda, Ulstein, Hareid, Vanylven og Sande.
 
Første felt i Vanylven
I Vanylven er Fiskå første felt ut for fiberutbygging. Det har vore stor interesse for fiber i feltet, og mange har meldt seg inn i Tussa si facebookgruppe for Fiskå. Tysdag 13. mai var det informasjonsmøte og mange møtte opp. 
 
- Fullt hus, fortel salssjef Steinar Hauge som saman med fiberseljar Fred Olsen seier seg godt nøgd med salsstarten. Over halvparten av dei frammøtte kjøpte fiber i løpet av møtet. 
 
- No gler vi oss til forsetjinga, seier dei.
 
I 2014 har Tussa planar om å starte sal av fiber i følgjande felt i Vanylven: Åheim, Syvde og Eidså.
 
Meld interessa di
Er du interessert i å få fiber i området der du bur, så kan du melde interessa di. Er det mange nok i området ditt som ønskjer fiber, så kan utbygginga starte raskare der du bur.