(12.10.2020)
 

Fibersamarbeid mellom Tussa og Volda kommune

Tussa og Volda kommune har inngått ein avtale som gir innbyggjarar og bedrifter på strekninga frå Hjartåbygda til Kalvatn og Osdalen tilbod om fiber. Så langt har 110 personar bestilt fiber.

Avtalen gir Tussa bruksrett på Volda kommune sin fiber på strekninga frå Rotset i Volda til rådhuset i Hornindal i 25 år, med mogleg forlenging i 15 år. Som følgje av avtalen vil Tussa levere fiber til innbyggjarane på strekninga frå Hjartåbygda til Kalvatn og Osdalen. Fiberutbygginga startar i år, og levering til kundane vert i 2021.
 
Sølvi Dimmen, ordførar i Volda kommune, seier at samarbeidet er svært positivt for kommunen og innbyggjarane som no får tilbod om fiber.
 
- Dette er vinn-vinn for alle partar, og eit godt eksempel på at samskaping gir meirverdi. Høghastigheitsbreiband er viktig for alle innbyggjarar i Volda, og er ein føresetnad for at alle skuleelevar skal få lik tilgang til digitale læremiddel, og for tilgang til velferdsteknologi som gjer det mogleg å bu heime lenger. Vi er glade for at innbyggjarane i denne delen av kommune no får fiber, og at samskaping frigjer midlar til vidare utbygging i andre delar av kommunen, seier Dimmen.
 

Betre mobilnett

I tillegg til å gi bedrifter og innbyggjarane eit fibertilbod, sikrar utbygginga også fibermating til mobilmaster i området. I første omgang er det snakk om fire mobilmaster, men det kan bli aktuelt å føre fiber fram til ytterlegare tre master. Det vil styrke kapasiteten til mobilnettet i området. Utbygginga betyr også at Tussa sine kraftverk Kopa, Kolfossen og Osdalen blir kopla opp på fiber.
 

Samfunnsøkonomisk godt prosjekt

Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT, seier prosjektet er samfunnsøkonomisk godt.
 
- Vi unngår å leggje parallelle fiberkablar, og det er også positivt at vi gjennom samarbeidet kan byggje ut fiber på kommersielle vilkår utan å måtte bruke offentlege midlar. Totaliteten i utbygginga løyser behova både til innbyggjarar, bedrifter, mobilaktørar og kraftverk. Det at vi klarer å realisere ny regional fiberinfrastruktur gjennom området vårt, vil heve leveringstryggleiken for framtida. Det er viktig sidan krava frå brukarane er at nettet alltid skal vere oppe.