(26.04.2021)
 

Fibersamarbeid mellom Tussa og Hareid kommune

Tussa og Hareid kommune har inngått ein samarbeidsavtale for å kunne tilby fiber til områda Almestranda, Snipsøyrdalen, Ulset, Hjørungdal og Hjørungneset. Dersom 80 prosent av husstandane bestiller fiber vil utbygginga bli realisert.

Fiberutbygging Hareid kommune kart.png

Utbygginga kjem til å koste 6,4 mill. kr og blir finansiert av Hareid kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Tussa. Hareid kommune har gått inn med 3,1 mill. kr i prosjektet, noko som var avgjerande for at innbyggjarane i området skulle få tilbod om fiber.

Ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal, seier at samarbeidet er svært positivt for innbyggjarane som no får tilbod om fiber.

- Gode kommunikasjonsløysingar er viktig og vert stadig viktigare. Skal vi oppretthalde og utvikle gode lokalsamfunn, er vi alle avhengige av stabilt, sikkert og raskt breiband. Til dømes er godt breiband ein føresetnad for at vi i framtida kan ta i bruk velferdsteknologi for heimebuande, seier ordføraren.

Han ber innbyggjarane som ønskjer fiber om å bestille, for å sikre at utbygginga blir realisert. Kommunen ønskjer ikkje å bruke offentlege midlar til å byggje ut fiber til område med låg interesse, og det er sett krav om at 80 prosent av innbyggjarane må bestille fiber, før utbygginga kan starte.

Salet er i gang

Salet til husstandane i området er allereie i gang, og Tussa melder om høg interesse. Salet blir gjennomført i april og mai, og Tussa tilbyr standard prisar og månadsabonnement til konkurransedyktige prisar. Dersom salet er godt nok, vil utbygginga bli realisert i 2021 og 2022.

Offentlege tilskot ikkje kan nyttast til å føre fram fiber til fritidseigedomar. Tussa vil likevel kunne gi tilbod til ein del av fritidsbustadane.

Positive ringverknader

Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT, set stor pris på det gode samarbeidet med Hareid kommune, og fortel at utbygginga til Almestranda og områda rundt gir positive ringverknader.

- Dersom utbygginga blir vedteke, vil Tussa få ein fiberring frå Hareid sentrum, via Hjørungavåg og Snipsøyrdalen, og tilbake til sentrum, noko som gjer internettforsyninga ekstra sikker for kundane. Positivt er det også at utbygginga vil føre fiber fram til ei mobilmast på Hjørungneset, noko som vil bety betre kapasitet på leveransen frå mobiloperatøren i området. Utbygginga vil også sikre fiber til Nesset kraftverk, seier Driveklepp.