Aktuelt og media
(26.05.2016)
 

Fiberglede på Hareid

Det var jubel og glede hos familien Rise då fiberen vart kopla til. Familien, som ikkje har hatt breiband sidan dei bygde og flytta inn i nytt hus i desember 2014, er ein av eit førtitals husstandar som i desse dagar vert kopla opp på Tussafiber i Hareid.

Hurra for Tussafiber!

Endeleg fiber! Familien Rise på Hareid, Even Rise og Tove Elin Gjerde Rise saman med døtrene Thea Gjerde Rise og Malin Gjerde Rise.

Det er Com-Net, som har hatt eit godt samarbeid med Tussa i fleire år, som har hatt ansvar for gravearbeid og oppkoplingane av fiber i Hareid sentrum. Og arbeidet har gått radig. Det er knappe to månader sidan grabben vart sett i jorda, og i løpet av første halvdel av juni skal alle husa vere tilkopla fibernettet.

- Vi er ferdige med alt arbeid ute. Det vil seie gravearbeid, nedlegging av rør og fiberslangar, oppsetting av skap og blåsing av fiber mellom skap og ut til kundar. Det som står igjen er installasjonane som skal gjerast inne i husa til kundane, seier Roy Bikset, driftsleiar i Com-Net.

Framtidsretta teknologi¨
Tussa starta med fiberutbygging i 2009 og har no kundar i alle kommunane på søre Sunnmøre. Interessa er stor for den nye teknologien. Fiberoptiske kablar gir svært høg hastigheit på breibandet, og med fiber frå Tussa kan kundane velje mellom hastigheit frå 25 til 500 Mb/s. Dei fleste kjøper no 100 Mb/s hastigheit og digital-TV frå Get. 
 
Sveising av fiber, fiberen er så tynn at den knapt er synleg mellom fingrane til montøren i Com-Net
 
Arbeid med fiberskøyteboks