(13.03.2018)
 

Fiberdugnad i Sæbø og Bondalen

Mange har venta på å få raskare internett og nytt digital-TV-tilbod i Sæbø og Bondalen. I samarbeid med Tussa er dette no i ferd med å bli realisert.

Tussa byggjer ut fiber på søre Sunnmøre. Så langt har over 8 500 familiar og privatpersonar tatt i bruk den nye teknologien og dei aller fleste sentrumsområda er no ferdig utbygde. Tussa ønskjer at flest mogleg skal kunne ta i bruk den nye fiberteknologien og for at dei som bur i meir grisgrendte strøk også skal få fiber, har Tussa opna for dugnadsbasert utbygging.
 
- For å kunne forsvare ei fiberutbygging i Bondalen og på Sæbø er vi avhengig av lokale eldsjeler og innbyggjarar som er villige til å gjere ein eigeninnsats. I Bondalen vil til dømes eldsjeler i bygdene stå for salsarbeidet, og innbyggarane vil grave grøfter og leggje ned rør, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
God start
Bondalen og Sæbø har lengje vore interesserte i fiber, og det var godt oppmøte då Tussa informerte om planane sine i februar.
 
Det er felta Sæbø, Riise og Hustad, Heimste Holen, Aklestad, Frøland, Kvistad og Moe som no får tilbod om fiber. Driveklepp opplyser at dersom felta blir vedtekne utbygd, er planen at gravearbeidet kan starte i april/mai. Oppkopling av kundane kan då skje i løpet av sommaren.
 
Fleire fordelar med fiber
Det er fleire fordelar med fiber. Først og fremst er det mogleg med høgare hastigheit på breibandet, og Tussa tilbyr hastigheit opp mot 500 Mbit. Vidare får innbyggjarane i Sæbø og Bondalen tilbod om Get si nye TV-plattform som gir både direkte sendt TV og populære strøymetenester som HBO. Kundane kan velje om dei vil sjå innhaldet på TV, PC, nettbrett eller mobil.