(20.12.2019)
 

Fiber til Vågsholmen

Ein sjøkabel under hamna i Fosnavåg sikrar Vågsholmen fiber til jul.

Sjøkabel til Vågsholmen
Denne veka har vi vore i sving både med å leggje sjøkabel og installere fiber i det nye leilegheitskomplekset på Vågsholmen. Resten av Vågsholmen og Nørvågen vil også få tilbod om å knyte seg på fiberen.
 
Fiber har blitt like viktig som veginfrastruktur for å oppretthalde busetnad og bedrifter.
 
Tussa har bygd ut fiber sidan 2009 og har investert 520 millionar kroner sidan starten. I 2019 var investeringskostnaden på om lag 70 millionar kroner.
 
I Herøy kommune dekkjer fibernettet 87 prosent av husstandane, og 74 prosent har valt å kople seg til.