(13.04.2021)
 

Fiber til fleire bygder i Volda

Tussa har vedteke å byggje ut fiber til kundar i Skjåstaddalen, Bjørke, Viddal og Dalsfjorden. Når denne utbygginga er ferdig, har Volda kommune svært høg fiberdekning, der 93 prosent av innbyggjarane har moglegheit til å kople seg til fibernettet.

Fiberutbygginga til desse bygdene omfattar om lag 350 kundar, og planen er at kundane skal få fiber i løpet av 2021 og 2022. Ein del av hyttene som ligg i områda vil også kunne få tilbod om fiber.

- Innanfor dei områda som vi no byggjer ut, vil det stå att nokre få husstandar. Det blir arbeidd med planar for disponering av offentleg støtte til desse. Vi har tru på at dei siste husstandane også skal få eit fibertilbod etter kvart, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Godt sal

Tussa byrja salet av fiber for to månader sidan, og tilbodet har vore positivt motteke av kundane. I mars var kundeoppslutnaden god nok til at Tussa kunne vedta utbygging.

- Ein positiv effekt ved utbygginga er at vi på sikt kan leggje til rette for betre mobildekning- og kapasitet, sidan vi skal levere fiber til Telia sine mobilmaster i områda. Som ein del av prosjektet vil det bli lagt sjøkabel frå Viddal til Leknes, noko som gjer at vi får etablert ein fiberring gjennom Hjørundfjorden. Det vil gjere løysinga mykje meir robust, dersom det skulle oppstå eit fiberbrot i framtida, seier Driveklepp.

Høg fiberdekning

Tussa har sidan fiberutbygginga starta i 2009 bygd ut fiber til om lag 13 500 kundar på søre Sunnmøre. Fiberdekninga på søre Sunnmøre er høg, om lag 93 prosent av innbyggjarane kan kople seg til fibernettet om dei vil.