Aktuelt og media
(12.11.2013)
 

Fekk gullklokker for 25 år i Tussa

8. november delte Tussa ut gullklokker til fire medarbeidarar. Dei har jobba i konsernet i 25 år - Tussa takkar og gratulerer!

Elling Dybdal, Karsten Brandal, Karim Roushan, Rune Horn, Lisbeth Myklebust og Nina Melle Scharning
Karsten Brandal, Karim Roushan, Rune Horn og Lisbeth Myklebust starta i Tussa i 1988. 8. november 2013  vart dei heidra med gullklokke for 25 års teneste i Tussa. Konsernsjef Elling Dybdal (til venstre på biletet), og personalsjef Nina Melle Scharning (heilt til høgre) sto for utdelinga av klokkene.  
 
 

GULLKLOKKE

I Tussa ein heder og gullklokke får
Når ein tilsett har vore i 25 år
Denne gang vil vi 4 stk feire
Mangeårig tjeneste, vi håper på fleire

Kom opp på scena så alle får sett
Karim, Karsten og Rune frå Nett
Lisbeth derimot arbeider i mor
Gi dei alle ein applaus så stor!

Dei begynte å jobbe i nittenåttiåtte
Tussa vil takke for år så flotte
I ein mannsalder har de for Tussa arbeidd
lette og vanskelege oppgåver greidd

***

Vi startar med Nett, sidan selskapet er størst
Karsten Brandal får klokka si først
Av utdanning så måtte det fagskule bli
og fagbrevet det fekk han i åttini

Han arbeider i Dragsund som flink montør
syter for straum som seg hør og bør
Karsten han er ein allsidig mann
og hjelper andre så godt som han kan

Han klatrar i stolpar og grev i grøft
mykje av arbeidet er krevjande tøft
Kabel og linje er Karsten sitt fag
ute på oppdrag både natt og dag

***

No er det Rune Horn vi skal hedre
25 år i Everk, men eigentleg bedre
for før så jobba han i SSK
Men først i dag vil han gullklokke få
 
Rune har også fagskule gått
der har han sterkstraum-utdanning fått
Han jobbar i avdelinga med arbeid prosjekt
styrer og steller og har det så kjekt

Rune sin tittel er montasjeleier
montørane høyrer på kva han seier
Styrer eit kobbel på 10-15 mann
jammen godt han faget sitt kan

***

I Iran Karim Roushan arbeidde før
der vart han utdanna sivilingeniør,
Til Norge han kom i åttisju
Godt for oss han i Ørsta vil bu

Han starta i Tussa som praktikant
etter litt han andre oppgåver fant
Då vart han tilsett i Tussa Nett
Dyktig i faget har mange sett

Energiavrekning han kan veldig godt
spesialkompetanse han der har fått
Nøyaktig og flittig i arbeidet sitt
kvalitetar ein ikkje skal ta for gitt

***

Lisbeth Myklebust - organisasjonssjefen vår
Strategiar og utvikling på lista na står
Driftig ho er både tidleg og seint
Eit arbeidsjern har vi alltid meint

Utdanning har ho i bøtter og spann
godt til rette på skulen seg fann
På høgskule har Lisbeth tatt mange fag
og nytte av alle, har ho i dag

Ho starta i Tussa som økonomikonsulent
Men personal og info er det no - som kjent
Lisbeth sit også i diverse styre
I tillegg er ho god på prosedyre

***

No har de alle gullklokker fått
som takk for at de har arbeida godt
På vegne av Tussa vi vil markere
og alle i salen vil gratulere

Vi ber alle reise seg - opp å stå
igjen ein applaus vi syns de skal få
Av innsats og arbeid innan dykkar fag
4 flotte tilsette vi hedrar i dag