Aktuelt og media
(19.08.2016)
 

Enøk-oppdrag gir betre skulekvardag i Bulgaria

Barnehage- og skuleborn i Smolyan sør i Bulgaria kan sjå fram til ein meir komfortabel kvardag. Med Enøk-senteret som prosjektpartnar går kommunen over frå kol til flisforbrenning for å varme opp fleire bygg. Gevinsten er høgare temperatur innandørs, betre inneklima og meir miljøvennleg oppvarming.

Besøk frå Bulgaria
Smolyan er ei av to kommunar Enøk-senteret jobbar med i Bulgaria. Kontakta oppsto då Smolyan søkte om støtte frå EØS-midlar for omstilling til ein meir berekraftig energibruk i kommunen sin. EØS-midlane vert finansiert mellom anna av Noreg, og Enøk-senteret melde seg då ønsket om prosjektpartnar kom.
 
- Vi deltek på den delen av prosjektet som gjeld energikjelde, der ein skal gå over frå kol- til flisforbrenning. No i første omgang vert dette gjort ved eit skulebygg og ein barnehage, seier Tanja Rafteseth, enøk-rådgjevar i Enøk-senteret.
 
I april reiste ho og kollega Mariann Eik til Bulgaria for å vitje kommunen og planleggje prosjektet. Denne veka var tre representantar frå kommunen på besøk i Ørsta. Her har dei mellom anna vitja Trandal kraftverk, Ørsta Eldhus og nye Barnas Vel barnehage i Ørsta.
 
- Idemyldring og kulturutveksling er noko av tanken bak prosjektsamarbeidet. Då vi vitja kommunen såg vi at den ikkje er så ulik Ørsta, dersom vi ser vekk frå fjorden og dei høgste tindane. Smolyan er ein stor vintersportdestinasjon, med fleire skianlegg og tilhøyrande hotell. Men elektrisk straum er dyrt i Bulgaria, og energibruken er dertil låg. Å gå over frå fossil brensel til flis har ein stor miljøgevinst for dei, seier Rafteseth.
 
I september skal Enøk-senteret igjen på tur til Bulgaria, men denne gongen for å følgje med på prosjektarbeidet til kommunen Knezha. 
 
Representarar frå Smolyan kommune vitja Enøk-senteret. Her ser du framme frå venstre 
enøk-medarbeidar Mariann Eik, dagleg leiar på Enøk-senteret Paul Rune Ingebrigtsen, leiar for økologisk avdeling i Smolyan kommune, Diana Kalaydjieva, leiar for juridisk avdeling i Smolyan kommune  Lyzcbomir Ravelov. Bak frå venstre enøk-rådgjevar Tanja Rafteseth, tolk Evelina Nikolaeva og ordførar i Smolyan Mariana Tsekova.