Aktuelt og media
(12.09.2017)
 

Energikonferansen - ein viktig møteplass for bedriftene

«Kraft og Krabbe», den årlege energikonferansen til Tussa, samla om lag 50 deltakarar på Strømpeneset i Ørsta torsdag 7. september. Deltakarane fekk ei analyse av kraftmarknaden, nytt om nett og ein introduksjon til solcelleprosjektet som Tussa Installasjon nyleg har ferdigstilt på Høgskulen i Volda. Det faglege programmet vart avslutta med ein spennande presentasjon av KAMI Skotholmen.

Energikonferansen 2017 foredragshaldarar
Det er fem år sidan Tussa arrangerte den første energikonferansen, som har blitt ein viktig møteplass for bedrifter på Sunnmøre. Faglege innlegg av god kvalitet i ei uformell ramme har vist seg å vere ei god oppskrift.
 
- Svært gode tilbakemeldingar frå bedriftene, med lovnader om at «vi kjem igjen til neste år», tyder på at vi treff med konseptet vårt, seier Margrete Heltne Hovde, salssjef energi i Tussa. Ho fortel at det er eit mål at kundane blir involverte i programmet, og i år var fleire lokale bedrifter inviterte til å dele historiene og prosjekta sine.
 
Stor vekst for Bygg1
Bygg1 var først ut i årets konferanse. I innlegget fortalde Egil Skar om den fantastiske reisa som Bygg1 i Hovdebygda har vore gjennom. Dei byggjer no på lageret for tredje gong etter oppstarten, og tek stadig marknadsdelar innan sin bransje. Selskapet er også medvetne omkring energibruken sin.
 
Auke i kraftprisane
Tor W. Havåg frå Tussa si krafthandelsavdeling var nestemann ut. Han ga tilhøyrarane oppdatert informasjon om prisdanninga i kraftmarknaden.
 
- Sist haust såg vi ein rask prisstigning på kol grunna for liten kolproduksjon i Kina. Samstundes vart store delar av fransk kjernekraft stansa av kjernekraftkontrollen. No ved inngangen til hausten 2017 har vi ei liknande utvikling, og vi går inn i hausten med klart stigande kraftprisar, fortalde Havåg.
 
Tor Havåg frå Tussa forklarte auken i kraftprisane vi ser denne hausten
 
Støtte til energianalyse
Ketil Valde frå fylkeskommunen gav deretter ein introduksjon til mål og verkemiddel dei har innan energisektoren. Dei vidarefører no ei ordning som skal gi bedrifter støtte til energianalyser av verksemdene sine. Dei fekk gode resultat då dei gjorde dette sist, og har nyleg vidareført ordninga.
 
Ketil Valde fortalde om fylkeskommunen sine støtteordningar.
 
Mørenett og BKK Enotek
Mørenett har vore eit fast innslag på energikonferansen dei siste åra. I år deltok Per Bjørkedal med informasjon om det store Smart Straum-prosjektet nettselskapet nettopp har starta. Innan 1. januar 2019 skal alle straumkundar i Noreg få nye, automatiske straummålarar. I vårt område er arbeidet godt i gang, og det ligg i rute i høve planen, fortalde Bjørkedal.
 
BKK Enotek, som vart etablert tidlegare i år, har teke med seg entreprenøraktiviteten som tidlegare var organisert under Mørenett. Leiar av selskapet, Leif Røv, fortalde at selskapet har fått ein god start i dei nye lokala i Furene.
 
Stor interesse for solceller
Tussa Installasjon merkar stor interesse rundt solenergi både frå bedrifter og private, og kan levere nøkkelferdige løysingar til marknaden. Selskapet har hatt ansvar for etableringa av 1000 m2 med solceller på taket av Berte Kanutte-bygget ved Høgskulen i Volda. Anlegget forsyner Høgskulen med om lag 10 % av forbruket.
 
Tussa Installasjon har lagt 1000 m2 solceller på taket på Høgskulen i Volda, og merkar stor interesse for solceller i marknaden
 
Kami Skotholmen
Kami Skotholmen har servert 5000 gjestar sidan dei starta opp restauranten på den vesle øya utanfor Fosnavåg. På Kraft og Krabbe var vi så heldige at vi både fekk ei grundig innføring i historia til øya og ikkje minst fekk vi smake på krabbesuppa som har vorte signaturretten til Kami.
 

Suksesshistorie og deilig krabbesuppe frå Kami Skotholmen