(30.01.2019)
 

Elhub vert lansert om kort tid

På grunn av lanseringa av Elhub går heile den norske straummarknaden inn i ei såkalla frysperiode i store delar av februar. Eksisterande kundar vert ikkje påverka, men skal du flytte eller byte straumleverandør vil det påverke deg.

Elhub er ein felles datahub for heile den norske energimarknaden, og vil mellom anna ta over innsamling av måleverdiar og handtere meldingsutveksling mellom straumleverandørar og eigarane av straumnettet (som til dømes Mørenett). Grunna overgangen til Elhub vil heile den norske straummarknaden bli fryst i store delar av februar. Det vil seie at det vert full stopp i kommunikasjonen mellom straumleverandørar og netteigarane, som igjen fører til at vi ikkje kan starte eller avslutte straumleveransar i denne perioden.
For deg som allereie er kunde hos Tussa, og ikkje har planar om å flytte i næraste framtid, har overgangen til Elhub ikkje nokon innverknad. Er du imidlertid ny kunde hos Tussa, eller skal flytte snart, kan frysperioden påverke deg.
 
Ny kunde?
Grunna frysperioden vil sjølve leverandørbytet kunne ta lenger tid en vanleg. Er du ikkje kunde, men ønskjer å bli det? Då kan du gjennom heile frysperioden enten legge inn bestilling her på nettsidene våre, eller ta kontakt med kundesenteret vårt, så hjelper vi deg. Sjølve bytet vil då skje først når frysperioden er over (rundt 20. februar).
 
Er du i ferd med å flytte?
Grunna frysperioden vil flyttemeldinga di fyrst verte behandla etter Elhub er lansert. Du kan melde flytting til kundesenteret vårt i heile frysperioden, men du vil oppleve at du framleis er oppført med gamal adresse (mellom anna på Di side). Så fort Elhub er lansert vil flyttemeldinga di verte behandla. Oppstart på ny adresse og avslutting på gamal adresse vil bli registrert frå den dato du faktisk flytta ut.
 
Har du spørsmål kan du ta kontakt med kundesenteret vårt.