Aktuelt og media
(05.12.2013)
 

El-avgifta aukar

Fleirtalet i finanskomiteen på Stortinget stemte for likevel å auke elavgifta for 2014 med 0,78 øre til 12,39 øre/kWh etter at Solberg-regjeringa i tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet gjekk imot den førre regjeringa sitt forslag om auke. Dette melder Energi Norge på sin nettstad.

Då Solberg-regjeringa presenterte tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet 8. november, foreslo dei å nøye seg med ei prisjustering til 11,83 øre/kWh frå dagens 11,61 øre/kWh, etter at Stoltenberg sitt statsbudsjett 14. oktober viste ei auke i den ordinære avgiftssatsen til 12,92 øre/kWh.
 
Etter regjeringa sine forhandlingar med Venstre og KrF, vart det vedteke å leggje på litt for å bidra til å finansiere budsjettforliket.
 
- Det er uheldig at Stortinget tyr til ekstra avgiftsauke på utsleppsfri energibruk for å saldere budsjettet. Elektrisitet er ein viktig energibærar på veg mot lågutsleppssamfunnet, seier næringspolitisk rådgjevar Ingvar Solberg i Energi Norge.
 
Finanskomiteen si innstilling til forbruksavgifta på elektrisk kraft skal formelt behandlast i Stortinget 5. desember.
 
Den reduserte satsen på elavgifta på 0,45 øre/kWh blir uendra. Utover det blir nokre av dagens fritak for avgift på elektrisk kraft oppheva, i samsvar med det som vart føreslege av Stoltenberg-regjeringa. Dette gjeld avgift for kraft som blir "brukt i verneverdige farty, museumsjernbaner eller tekniske anlegg og kulturelle kulturminnne på museumssektoren".