Aktuelt og media
(13.04.2016)
 

Dugnadsånd gir fiber

Den fyrste dugnadsbaserte fiberutbygginga til Tussa er godt i gong i Ringstaddalen.

dugnadsånd gir fiber.jpg
Tussafiber til Ringstaddalen er det fyrste dugnadsbaserte fiberfeltet Tussa byggjer ut. Dugnadsbasert utbygging går ut på at kundane gjer litt meir enn ved vanleg fiberutbygging. På den måten held kostnadane seg på eit nivå slik Tussa kan byggje ut.
 
- Den utvida eigeninnsatsen frå kvar kunde og heile grendalaget har sørga for at vi har klart å vedta utbygging av feltet i tråd det mandatet vi har på investering per kunde, fortel avdelingsleiar fibernett i Tussa IKT, Olav-Arne Vinjevoll.  
 
Tussa gav kundane opplæring slik at dei legg både røyr, søketråd og merkeband sjølve. Vinteren er over og kundane har allereie greve fleire hundre meter grøft.
 
- Dialogen med fibernettavdelinga er veldig god og humøret til dugnadsfolket er upåklageleg, fortel Vinjevoll.
 
Tussa ser på dette som eit pilotfelt for framtidige dugnadsbaserte fiberfelt. Gjennom dette prosjektet haustar Tussa erfaringar og formar konsept. Vinjevoll seier at dei forventar å kople opp dei fyrste kundane i løpet av april.