(09.10.2018)
 

Driftsresultat for Tussa 2. tertial

Rekneskapen for Tussakonsernet pr. 2. tertial 2018 syner eit driftsresultat på 36,6 mill. kr og eit resultat før skatt på 16,5 mill. kr. Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 38,9 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2017. Hovudårsaka til det er lågare kraftproduksjon og høgare andre driftskostnader, som følgje av ei planlagt oppgradering av turbinane i Tussa kraftverk på Bjørke.

Rekneskapen pr. 2. tertial 2018 syner eit driftsresultat på 36,6 mill. kr (75,5) og eit resultat før skatt på 16,5 mill. kr (71,4). Omsetninga vart 633,4 mill. kr (514,2), totalkapitalen er 2 943,2 mill. kr (2 376,3) og eigenkapitalprosenten er 29,4 % (36,9). Netto finans syner eit resultat på -20,1 mill. kr (-4,1). Tilsvarande tal for 2. tertial 2017 står i parentes.

Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 38,9 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2017. Hovudårsaka til reduksjonen i driftsresultatet er lågare produksjonsvolum og høgare andre driftskostnader, som følgje av rehabilitering og oppgradering av turbinane i Tussa kraftverk på Bjørke. Kraftverket er Tussa sitt største kraftverk, med ein normalproduksjon på 266 GWh i året. Kraftverket har som planlagt vore ute av drift i nærare 6 månader i år.
 
Nettverksemda er den største bidragsytaren til resultatet, og leverer om lag same resultat som på same tid i fjor. Tussa IKT har hatt positiv resultatutvikling, medan Tussa-24 og Tussa Installasjon viser lågare resultat samanlikna med 2. tertial 2017.
 
 Tertialrapport 2 2018