Draura kraftverk i drift

Torsdag 7. februar klokka 19.30 blei Draura kraftverk sett i drift. Tussa sitt 19. kraftverk fekk gå i eit par timar, før maskinane blei stoppa. På grunn av kravet om minstevassføring om vinteren, må vi vente til vassføringa tek seg opp før kraftverket igjen kan produsere straum.

Draura kraftverk ligg på Viddal i Ørsta kommune. Kraftverket vil produsere 6 GWh i året, har eit nedslagsfelt på 5,4 km2 og ei fallhøgd på ca. 195 meter.  
 
Det er no sju kraftverk som er stoppa på grunn av kulda: Kolfossen, Ulsteindalen, Urke, Viddal, Draura, Standal og Dalgjerdet. Resten av kraftverka går.