(26.11.2020)
 

Digital adventskonsert frå Tussa og Grimstadkoret

I samarbeid med Grimstadkoret gir Tussa deg ein adventskonsert rett heim i stova. Kvar søndag i advent blir ein ny songvideo sendt på TV-kanal 171 og på Tussa si Facebook-side.

Pandemien har stoppa mykje av den kulturelle aktiviteten før jul, ikkje minst korøvingar og konsertar. Grimstadkoret har difor tenkt nytt, og i samarbeid med Tussa inviterer dei folket på søre Sunnmøre til digital julekonsert kvar søndag i advent fram til jul.
 

Her ser du konsertane

  • TV-kanal 171: Tussa sine TV-kundar kan sjå og høyre konsertane på TV-kanal 171.
  • TV-kanal 999: Bebuarar i omsorgsbustad, sjukeheim eller sjukehus som har TV-avtale med Tussa, kan sjå konserten på kanal 999. 
Den nye songen blir sendt klokka 18.00, og vil gå i reprise fram til neste søndag, då det blir vist ein ny song. 

Julestemning

Det er dei fire songane «Det hev ei rose sprunge», «Mitt hjerte alltid vanker», «No syng me glade enn ein gong» og «Kven er den vesle i krybba» som blir presenterte i julekonserten. Nanseth Media har stått for videoproduksjonen, og laga musikkvideoar med vakre bilete av naturen på søre Sunnmøre og julestemning frå kyrkje- og folkeliv i adventstida. Alt har skjedd etter strenge smittevernreglar for kor.
 
Grimstadkoret og Tussa ønskjer med dette alle på søre Sunnmøre ei riktig god adventstid og god jul!