(29.01.2019)
 

Difor er straumprisen uvanleg høg

Straumprisane har vore uvanleg høge det siste halvåret. Mange lurar på kvifor det vart slik og kva vi kan vente oss utover vinteren. Her er svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla.

Litlebøvatnet august 2018

Vasskraftlandet Noreg treng nedbør for å drive kraftverka. Fjoråret var temmeleg tørt. Det er ein av årsakene til dei høge straumprisane vi ser no. Fotoet er frå Litlebøvatnet i Dalsfjorden i Volda i august 2018.

1. Kor mykje meir må eg betale for straumen i vinter?
Straumprisen blir bestemt av tilbod og etterspurnad på kraftbørsen NordPool. Hittil i år har snittprisen vore om lag 50 øre per kilowattime, mot 32 øre i januar 2018 (ekskl. nettleige og avgifter). Ein familie med årsforbruk på 16 000 kWh må betale rundt 550 kroner meir for straumen i januar enn same periode i fjor. Det er litt under 20 kroner per dag. Prisane ser ut til å halde seg høge utover vinteren, men før eller sidan vil dei kome tilbake til normalen. Vi må ikkje gløyme at vi har hatt dei lågaste prisane i Europa i nesten 20 år, og det vil halde fram.
 
2. Kvifor har straumen blitt så mykje dyrare?
Nors kraftproduksjon bstår av 96 prosent vasskraft, som normalt gir oss god tilgang på rein og rimeleg straum. I fjor hadde vi ein rekordtørr sommar og det kom 13 TWh mindre nedbør enn normalt. Det tilsvarar årsforbruket til 800 000 husstandar. I tillegg brukte vi meir straum enn nokon gong tidlegare. Dessutan auka prisane på fossil kraftproduksjon i Europa. Det er positivt for miljøet at det blir dyrare å sleppe ut klimagassar, men det påverkar også norske straumprisar, fordi vi er tett kopla saman med den europeiske kraftmarknaden.
 
3. Korleis blir straumprisane utover vinteren?
Månadskontraktene for februar-april ligg rundt 55 øre/kilowattimen på straumbørsen Nasdaq. Det vil seie at marknaden ventar prisar på same nivå som no. Prisane vert påverka av blant anna nedbør, vindkraftproduksjon og utetemperatur (forbruk) dei komande månadene. Vi må tilbake til vinteren 2010 - 2011 for å finne like høge prisar. Dei siste seks åra har vi hatt låge straumprisar. Dette er uansett innanfor normale variasjonar for eit veravhengig kraftsystem.
 
4. Kva kan eg gjere for å redusere straumrekninga?
Om vinteren brukar vi mykje straum til oppvarmning. Dersom du har ein reintbrennande omn, kan du spare pengar på å fyre med ved. I tillegg er det lurt å senke temperaturen om natta og når du ikkje er heime, men ikkje så lågt at vannrøra frys. Innføring av smarte straummålarar gir deg betre oversikt over forbruket og gjer at du til dømes kan lade elbil om natta når prisane er lågare. I tillegg bør du sjekke at du har ei straumavtale som passar forbruket og behovet ditt.
 
5. Burde kraftprodusentane ha spart meir på vatnet i magasina?
Kraftselskapa reduserte produksjonen med tre TWh (milliardar kilowattimar) i fjor, samanlikna med 2017. Selskapa disponerer vatnet for best mogleg å møte etterspurnaden gjennom året. Hadde vi visst at det skulle bli ein så tørr sommar, ville nok mange heldt igjen meir vatn tidlegare på året. Men selskapa må forhalde seg til dei verprognosane som finst. Dersom dei ikkje tappar av magasina, vert det ikkje plass til smeltevatnet som normalt kjem om våren. Då aukar fara for flaum i elvane. Lågare produksjon ville dessutan ført til høgare straumprisar førre vinter.
 
6. Skuldast dei høge prisane at Noreg har eksportert for mykje kraft?
Krafta blir sendt over landegrensene etter kvar etterspurnaden er størst. Hittil i 2019 har vi importert meir straum enn vi har eksportert, og i 2018 eksporterte vi fem TWh mindre enn året før. I eit normalår produserer Noreg langt meir straum enn vi brukar sjølv. Kablane gjer at vi kan handle kraft med nabolanda våre, og oppretthalde ei trygg straumforsyning i år med lite nedbør. Utan kablane ville straumprisane i Noreg vore to-tre gonger høgare om vinteren, viser berekningar frå NVE.
 
7. Er det fare for at vi kan gå tome for straum i Noreg?
I januar er fyllingsgraden i vassmagasina våre noko under 60 prosent, medan det normale for årstida er 63 prosent. Statnett vurderer kraftsituasjonen som normal over heile landet, og det er ikkje fare for straumforsyninga. Situasjonen får hjelp av vindkraftproduksjon og moglegheita til å importere straum frå både Sverige, Danmark, Finland og Nederland. Om nokre år får vi også kablar til Tyskland og Storbritannia. Styresmaktene overvaker kraftsituasjonen kontinuerleg. 
 
8. Betalar vi like mykje i avgifter som for sjølve straumen?
Ja, normalt er ein tredjedel av straumrekninga straum, ein tredjedel nettleige og ein tredjedel avgifter til staten. Elavgifta aleine utgjer 14 milliardar kroner inkludert moms.

Kjelde: Energi Norge.