Aktuelt og media
(19.01.2017)
 

Det store elsperimentet

Utan straum hadde vi korkje hatt mobiltelefon, varmeomnar, opplyste gater eller moderne sjukehus. Kor lenge klarer eigentleg DU deg utan straum? Det vil fornybarnæringa finne ut på Straumens dag.

Det store elsperiementet
23. januar vert Straumens dag markert for tredje gong i Noreg, og denne gongen er fokus rett og slett på kor viktig straum er i kvardagen.
 
- Vi brukar straum frå vi står opp til vi legg oss, og tek det eigentleg som ei sjølvfølgje å ha lys og varm kaffi på morgonkvisten, for ikkje å snakke om ein varm dusj. Gjennom lansering av filmar og eit interaktivt spel er målet å gjere folk bevisste på kor viktig straum er i kvardagen, seier prosjektleiar Cecilie Lillehagen Welo i interesseorganisasjonen Energi Norge.
 
24 timar utan straum
I tråd med gjennomgangstemaet for dagen – «Det store elsperimentet» - vil Energi Norge lage fire filmar om ei ung jente som utfordrar seg sjølv til å klare seg 24 timar utan straum. Desse vil ein etter ein bli publisert på Straumens dag si Facebook-side 23. januar.
 
- Vi håper alle som er opptekne av straum vil både like og dele desse filmane, slik at så mange som mogleg kan få seg ei aha-oppleving om kor avhengige vi faktisk er av straumen, seier Lillehagen Welo.
 
Du kan også teste deg sjølv i eit interaktivt spel på Facebook.
 
- Ved å like, dele og kommentere kan du vinne batteripakker, slik at du til ei kvar tid har tilgang på den fornybare straumen som medlemmane våre leverer, avsluttar Lillehagen Welo med eit smil.
 
Delta her: www.elsperimentet.no