Aktuelt og media
(25.01.2017)
 

Byggjer ut fiber på Larsnes

I februar vil Tussa starte sal av fiber til nye delar av Larsnes. Mange har venta på å få raskare internett og nytt digital-TV-tilbod.

Kartutsnitt fiber til Larsnes 2

Tussa si fiberutbygging strekkjer seg tilbake til 2009 og i løpet av åra har over 5 000 familiar og privatpersonar på søre Sunnmøre tatt i bruk den nye teknologien. Området som no får tilbod om å kjøpe fiber, Larsnes 2, ligg frå vika innanfor Larsnes Mekaniske til Breivikneset ved Breivik Kalkverk.

- Det er fleire fordelar med fiber, men først og fremst er det mogleg med høgare hastigheit på breibandet. Med fiber kan tilby hastigheiter opp mot 500 Mbit. Vidare får innbyggjarane i Larsnes 2 tilbod om Get si nye TV-plattform, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Seljarar ut i feltet
Allereie første veka i februar startar salet til innbyggjarane i Larsnes 2.
- Vi startar med eit informasjonsmøte på rådhuset på Larsnes 6. februar, og der vil vi fortelje meir om planane våre. Deretter kan innbyggjarane i feltet vente seg besøk av seljarane våre, opplyser Driveklepp.
 
Aktiv på Facebook
Tussa nyttar Facebook aktivt i utbygginga av fiber, og har oppretta grupper for utbyggingsfelt i alle kommunane på søre Sunnmøre. Det blir også gjort for Larsnes 2. Slik oppnår ein god dialog med innbyggjarane, og det er låg terskel for å stille spørsmål og diskutere.
 
Facebookgruppa for Larsnes 2 finn du her: www.facebook.com/groups/fiberlarsnes2