Aktuelt og media
(04.10.2017)
 

Byggjer kraftverk i Vanylven

Tussa er i full gang med å byggje sitt 22. vasskraftverk. Tenneelva kraftverk i Vanylven vil stå ferdig neste haust. Normalproduksjonen vert 10 GWh årleg.

Panoramabilete utbygging av Tenneelva kraftverk
Tussa inngjekk avtale med grunneigarane om å byggje kraftverket ved årsskiftet. Tidleg i august starta anleggsarbeidet.
 
- Kraftverket vil utnytte eit 404 meter høgt fall frå Tennevatnet til kraftstasjonen. Kraftstasjonen vil liggje fremst i Norddalen i Syvde, berre 150 meter frå Bruelva kraftstasjonen, seier prosjektleiar i Tussa, Øyvind Eidså. 
 
På biletet over ser du Tennevatnet til venstre og anleggsveg og det pågåande arbeidet med vassvegen til høgre for fjellryggen. 
 
Ny boreteknologi

I arbeidet med vassvegen til det nye kraftverket har Tussa tatt i bruk ny og effektiv boreteknologi. I tillegg til 600 meter nedgrave rørgate, vert det nemleg bora ein 400 meter lang tunnel for å føre vatnet frå Tennevatnet til kraftstasjonen. Dette vert gjort ved retningsstyrt fjellboring, og skal vi tru prosjektleiaren har borekronene verkeleg gjort jobben sin i Vanylven.

Boringa har gått i rekordfart med 381 meter på 10 døgn. Boreholet har ein diameter på 74 cm, og det har vore bora døgnet rundt, og opp til 2 meter boring i timen. Det er Vest-Agder-firmaet Norhard som har stått for boringa, og for å styre boret nyttar dei eit navigasjonssystem utvikla av romfartsorganisasjonen NASA.
 
Fornybar energi
Med ein normalproduksjon på 10 GWh i året vil Tenneelva gi eit lite men godt bidrag til Tussa sin vasskraftproduksjon. Tussa har i dag 21 kraftverk som produserer fornybar vasskraft. Normalproduksjonen er 681 GWh, der dei to største kraftverka, Tussa kraftverk og Åmela kraftverk, står for godt og vel halvparten av produksjonen.
 
I Vanylven har Tussa frå før Sørbrandal kraftverk (42 GWh), Vedeld kraftverk (15 GWh), Bruelva kraftverk (2,7 GWh) og Skår kraftverk (4,7 GWh).
 
Ny og effektiv boreteknologi
 
Fasadeteikning av den nye kraftstasjonen ved Tenneelva.