Aktuelt og media
(16.04.2015)
 

Bidreg til auka utbygging av fornybar energi

​Norske straumkundar bidrog gjennom elsertifikatordninga med 420 kr til fornybarsatsinga i 2014. Det vart bygd 4 TWh fornybar kraftproduksjon i Noreg og Sverige i fjor.

Viddal kraftstasjon
Foto: Viddal kraftverk, sett i drift i 2012, er eit av kraftverka Tussa får tildelt elsertifikat for.
 
NVE melder at elsertifikatordninga kosta den gjennomsnittlege norske straumkunden 2,1 øre/kWh i 2014. Det betyr at ein gjennomsnittsfamilie med straumforbruk på 20 000 kWh støtta auka utbygging av fornybar kraft med vel 420 kroner inkl. mva. Til saman utgjer det 1,6 milliardar kroner.

Noreg vart frå 1. januar 2012 del av ein norsk-svensk sertifikatmarknad som skal bidra til auka produksjon av fornybar kraft. Fram til 2020 skal Sverige og Noreg auke kraftproduksjonen basert på fornybare energikjelder med 26,4 TWh.

Straumkundane i Noreg og Sverige har saman bidrege til å finansiere 10,3 TWh fornybar kraftproduksjon i dei to landa sidan 2012. Av dette er to tredjedelar vindkraft. I 2014 aleine vart det bygd totalt fire TWh fornybar kraftproduksjon i Noreg og Sverige.

Slik fungerer elsertfikat
Straumkundane finansierer elsertifikatordninga gjennom at kraftleverandørane er pålagde å kjøpe elsertifikat for ein viss del av kundane sitt straumforbruk. Seljarane av elsertifikata er produsentar av ny fornybar kraft, som dermed får ei ekstra inntekt i tillegg til straumprisen. Elsertifikatordninga inngår i den på førehand avtalte prisen straumkundane betalar til kraftleverandøren sin.