Aktuelt og media
(29.06.2016)
 

Betrar forholda for fiskeyngel i Kolfosselva

Tussa og NVE ønskjer å betre forholda for fiskeyngel i Kolfosselva. Ved å sikre at det renn vatn i elva heile året vert det lagt betre til rette for fisken. Elva er gyteområde for mellom anna laks.

Synfaring i Kolfosselva
Arild Lystad, Øyvind Eidså og Sveinn Larusson i Tussa på synfaring saman med Randi Holme i NVE og Ole Kristian Bjølstad i SWECO.
 
​I juni sette Tussa inn ein ventil i Kolfossen kraftverk som skal sikre at det renn vatn i elva også om kraftverket stoppar. Vidare planlegg Tussa og NVE å byggje tersklar i elva, slik at det vil vere tilfredstillande gyteområde på strekninga frå kraftverket og ned til Eidsvatnet.
 
NVE og Tussa har vore på synfaring i området for å sjå korleis dette kan gjerast på ein god måte.
 
Regulert område
Området rundt Langvatn i Volda kommune har vorte påverka av fleire utbyggingar og reguleringar gjennom åra. Då Kolfossen kraftverk vart bygd tidleg på 1900-talet var det ikkje rutine å undersøkte kva konsekvensar kraftverksutbygging har for fiske- og dyreliv. Kraftverket har ikkje krav til minstevassføring.
 
Då kraftverket vart sett i drift i 1920 låg det heilt i vasskanten på Langvatnet. Etter krigen melde det seg behov for meir dyrkamark, og Langvatnet vart tappa ned. Det vart erstatta av tre mindre vatn, Storevatnet, Bulingen og Eidsvatnet, som er bundne saman av kanalar. Kraftstasjonen vart liggande om lag 600 meter frå Eidsvatnet. Det er i denne biten av elva, frå kraftstasjonen til vatnet, at det no blir planlagt bygging av to eller tre tersklar.
 
Kolfossen kraftverk
Det var Volda kommune som starta utbygginga av Kolfossen kraftverk på starten av 1900-talet. Kraftverket utnyttar fallet mellom Kalvassvatnet og Eidsvatnet i Austefjorden i Volda kommune. Kraftverket kom inn i Tussa med oppkjøpet av Volda Energiverk i 1996.
 
Det kan nemnast at utbygginga av kraftverket baud på utfordringar for utbyggjaren Volda kommune. I april 1920 vart maskinane endeleg sett i gang på «Vårt smertens barn, Kolfossen», som ein skribent i Møre kalla prosjektet. Utbygginga vart både forseinka og mykje dyrare enn planlagt. Kolfossen har ein normalproduksjon på 14 GWh i året.
 
Lakseyngel