(30.04.2021)
 

Best på kundeservice i Noreg

Tussa er for 3. året på rad kåra til vinnar av Noreg sin beste kundeservice i kategorien energi. Tussa vann også denne gjeve kundeserviceprisen i 2017, 2019 og 2020.

Vinnargjengen kundeserviceprisen 2020.jpg
​Kundeserviceprisen kårar beste kundeservice innanfor 20 ulike bransjekategoriar. I år var heile 157 selskap med i vurderinga innanfor dei ulike kategoriane.
 

Fokus på gode kundeopplevingar og kulturbygging

Kundesenteret er sjølve hjartet i Tussa og jobbar kvar dag for å levere personleg, ærleg og ekte kundeservice. Dette har vore eit prioritert satsingsområde for bedrifta i fleire år. Då er det ekstra kjekt å sjå at det gir gode resultat og at kundesenteret leverer jamt gode kundeopplevingar over tid.
 
- Vi er utruleg stolte av det dyktige energiteamet vårt som leverer kundeservice på eit så høgt nivå, sjølv frå heimekontora sine under koronapandemien. For oss handlar det om å ha kunden som førsteprioritet i alle kontaktpunkt. Kulturen vår og medarbeidarane våre kan ingen kopiere, og det er det som skil oss frå konkurrentane våre over tid. Vi har tilsette som brenn for jobben og som strekkjer seg litt lengre for å hjelpe kundane. Målet vårt er nettopp å levere Noreg sin beste kundeservice til energikundane våre, seier Lise Ulstein, sals- og marknadssjef i Tussa-24.
 
Det er ikkje første gong Tussa blir premiert for kundeservicen sin.
Her frå prisutdelinga i 2019. Biletet i toppen er frå 2020.
 

3 førsteplassar og ein god 2. plass totalt

I tillegg til å vinne energiklassen, kom Tussa for andre året på rad også på ein sterk 2. plass totalt, på tvers av alle 20 bransjane, berre 2,8 poeng etter breibandsleverandøren og vinnar Sognenett. 
 
I år vart det også for første gong kåra ein vinnar innan kvar av kontaktkanalane telefon, e-post, chat og Messenger. Tussa vann på tvers av alle bransjekategoriane for kanalane e-post og chat, med 98,7 og 94,5 poeng av 100 moglege.
 

Kundeserviceprisen

Kundeserviceprisen er ein årleg test av kundesentra i Noreg, utført av selskapet SeeYou. Undersøkinga «Best i test» går føre seg frå november til april. Tussa sitt kundesenter har blitt kontakta av 25 ulike "mystery shoppers" gjennom kommunikasjonskanalane telefon, chat og e-post. Kunderådgjevarane blir vurderte etter korleis dei tek i mot kundane, korleis henvendinga blir handtert, i tillegg til den totale kundeopplevinga.
 

Vinnarkriterium

Ifølgje undersøkinga vinn Tussa kundeserviceprisen 2021 fordi kunderådgjevarane leverer på eit høgt nivå innan alle kommunikasjonskanalane, har høg fagkompetanse, gode behovsanalysar, viser ekte interesse og glede i samtalane, og har god kontroll på tilbod og oppfølging. Dei viser at dei er ekte opptekne av kunden, og det er noko alle tilsette på kundesenteret har som førsteprioritet kvar dag. 

Her kan du sjå den digitale utdelinga: https://kundeserviceprisen.no/vinnerne-i-kundeserviceprisen-2021/