Aktuelt og media
(26.04.2017)
 

Best i test!

Hurra! Tussa er kåra til beste kundesenter i Noreg på energi!

Tussa best i test 2017

Kundeserviceprisen "Best i test" vart delt ut under Call Center-dagane. Tussa vann prisen for beste kundesenter innanfor kategorien energi.

- Dette er kjekt! Det er viktig for oss at kundane våre er fornøgde. Straumprodukt er ganske like uavhengig leverandør, både når det gjeld kvalitet og pris. Det å ta godt vare på kundane ved å yte god service, innfri kundane sine forventningar og dekke behova deira, er difor svært viktig. Prisen stadfestar at vi jobbar godt med kundeservice, og vi vil halde trykket oppe for å bli enda betre, seier Per-Are Sørheim, adm. direktør i Tussa-24.
 
Kundane kom enkelt fram til rett kundehandsamar, som var gode til å lytte og avdekke kundane sine behov. Dei viste god produktkunnskap og ga gode løysingar, heiter det i grunngjevinga til at Tussa fekk prisen som beste kundesenter innanfor energibransjen.  
 
Call Center-dagane er Nord-Europas største konferanse innanfor kundeservice. Kundeserviceprisen kårar årets beste på kundeservice innanfor 16 ulike kategoriar. I år var heile 132 selskap med i vurderinga innanfor dei ulike kategoriane.
 
Glade medarbeidarar på Tussa kundesenter energi: Tobias Skotheim, Elisabeth Myrvågnes, Stine Drabløs Larsen, Ann-Kristin Ernstsen og Aina Voldnes.