Aktuelt og media
(18.06.2015)
 

Auke i driftsresultatet

Rekneskapen for 1. tertial 2015 syner eit driftsresultat på 66,3 mill. kr for Tussa. Det er ein auke på 26,3 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2014. Nettselskapet og kraftproduksjon er dei største bidragsytarane til resultatet og resultatforbetringa. Dei andre selskapa syner også ei positiv utvikling i resultat samanlikna med 1. tertial 2014.

Tussa datasenter
Foto: Nytt datasenter på Tussatun legg godt til rette for vidare vekst innanfor forretningsområdet IT
 
Rekneskapen for 1. tertial 2015 syner eit driftsresultat på 66,3 mill. kr (40,0) og eit resultat før skatt på 48,6 mill. kr (24,4). Omsetninga vart 293,5 mill. kr (285,9), totalkapitalen er 2 309,3 mill. kr (2 716,0) og eigenkapitalprosenten er 34,2 % (29,2). Netto finans syner eit resultat på -17,7 mill. kr (-15,6).
Tilsvarande tal for 1. tertial 2014 står i parentes.
 
Energi
Akkumulert kraftproduksjon 1. tertial var på 305,3 GWh (260,0 GWh). Produksjonen ved utgangen av tertialet tilsvarar omlag 113 % av normalproduksjonen for perioden. Gjennomsnittleg spotpris på NordPool i første tertial var 23,87 øre/kWh (24,2 øre/kWh). Områdeprisen i Ørsta følgjer systemprisen i NO3, og gjennomsnittet i første tertial var på 23,87 øre/kWh (24,56 øre/kWh).
 
Kraftnett
Hovudårsaka til resultatbetringa er ei vesentleg større meldt inntektsramme for 2015 enn det vi hadde på same tid i 2014. Det blir i alle ledd arbeidd for å nå måla i den langsiktige planen om at kostnadsbasen i nettmonopolet i 2018 skal gjere selskapet 100 % effektivt. Det er så langt ikkje meldt om avvik i forhold til dette. Mørenett AS hadde samla KILE-kostnader på 6,1 mill. kr i 1. tertial, hovudsakleg grunna dårleg ver og utfall i nettet.
 
IKT
Ved utgangen av 1. tertial har vi ein liten nedgang i forretningsområdet IT på 0,2 mill. kr samanlikna med 1. tertial 2014. Innanfor området kommunikasjon har vi ved utgangen av 1. tertial ein vekst på 4,7 mill. kr, noko som er 20,5 % auke frå same tid i 2014. Som følgje av den offensive fibersatsinga opplever vi størst vekst innanfor privatmarknaden der vi tilbyr internett, TV og telefoni. Det er også gledeleg at vi har ein god vekst innanfor bedriftsmarknaden. Breibandsnettet er stabilt og vi har ei høg oppetid.
 
Installasjon
Ved utgangen av 1. tertial har vi ein vekst i omsetning på 10,6 % samanlikna med same tid i 2014. Det er normal aktivitet i marknaden, og vi opplever sunn og frisk konkurranse. I løpet av 1. tertial har vi vunne fleire mindre og mellomstore prosjektkontraktar. Det er i tillegg god tilgang på løpande serviceoppdrag noko som gir oss ei bra oppdragsmengde og ei normal ordrereserve for 2015.
 
Enøk
Innanfor området enøk har vi ein vekst i omsetning på 1 mill. kr samanlikna med same periode i fjor. Dette er ein vekst på 27 %. Den positive utviklinga i omsetninga siste to åra, kjem i hovudsak av at satsinga er spissa mot færre område enn tidlegare, i tillegg til at vi siktar oss inn mot større industrikundar, noko vi har lukkast med. Ordrereserven er framleis god, og salsaktiviteten held eit godt nivå.
 
Framtidsutsikter
Det har vore ein stor nedgang i kraftprisforventningane for resten av året. Dette er delvis kompensert ved større produksjonstilgang enn i eit normalår. Vi forventar ikkje ytterlegare auke i resultatet for produksjon i høve til fjoråret. For nett er det forventa at resultatet held fram å utvikle seg positivt i forhold til fjoråret. Øvrige forretningsområde er i sum rekna med å utvikle seg som fjoråret. Samla sett reknar vi med å levere eit driftsresultat som er rundt 30 mill. kr betre enn i 2014.