Aktuelt og media
(15.04.2016)
 

Årsresultat 2015

Tussakonsernet har eit betre resultat i 2015 enn i 2014, men det er likevel svakt. Hovudforklaringa til forbetringa er framgang innanfor forretningsområdet kraftnett. Innanfor kraftproduksjon er kraftprisane låge, men det er kompensert for ved større produksjon og effektar av prissikring. Forretningsområda installasjon og IKT har stabil utvikling.

Rekneskapen for Tussakonsernet i 2015 viser samla driftsinntekter på 762 mill. kr (787,7) og eit driftsresultat på 97,2 mill. kr (77,6). Resultat før skatt er 56,6 mill. kr (34,3) og etter skatt er resultatet 25,3 mill. kr (12,8). Tilsvarande tal for 2014 står i parentes.

Innanfor drifta har vi reduksjon i omsetninga med 25,7 mill. kr (3,3 %). Hovudårsak til reduksjonen er lågare kraftprisar og lågare omsetning innanfor installasjonsverksemda. I same periode viser samla driftskostnader ein reduksjon på 45,4 mill. kr (6,4 %). Reduksjonen er knytt til lågare varekjøp, løns- og personalkostnader og andre driftskostnader.

Utbyte
Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret har vedteke å avsetje 19,6 mill. kr til utbyte i 2015 i samsvar med aksjonæravtalen som gir signal om eit utbyte på 60 % av gjennomsnittet av dei siste tre årsresultata. Utbytet utgjer 6 460 kr pr. aksje.
 
Produksjon over det normale
Tussa produserte 758,4 GWh elektrisk kraft i 2015. Til samanlikning vart det produsert 567,5 GWh i 2014. I 2015 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 19,0 øre/kWh mot 26,4 øre/kWh i 2014.
 
Sjukefråvær
Tussakonsernet hadde eit sjukefråvær på 5,5 % i 2015. I 2014 var sjukefråværet 3,5 %.
 
Resultat frå dei ulike delane av konsernet
Kraftproduksjon, handel og sluttbrukarverksemda bidreg med 50,7 mill. kr i resultat før skatt. Innanfor nettverksemda, det vil seie Tussa sin part av Mørenett, vart resultatet 24,1 mill. kr. IKT sitt resultat før skatt vart 5,0 mill. kr. Både IT og breiband leverer positive resultat. Det er potensiale for ytterlegare vekst og det er forventa sterkare resultat framover. Innanfor installasjon er resultatet 6,7 mill. kr. Starten på 2015 var prega av stor aktivitet knytt til større prosjekt i nærområdet. Mot slutten av året hadde vi noko tilbakegang i marknadsområda som er direkte eller indirekte knytt til oljerelatert næring.
 
Nøkkeltal for Tussakonsernet
  2015
  2014
Totale inntekter
762 mill. kr
787,7 mill. kr
EBITDA
224,2 mill. kr
200,3 mill. kr
Driftsresultat
97,2 mill. kr
77,6 mill. kr
Resultat før skatt
56,6 mill. kr
34,3 mill. kr
Resultat etter skatt
25,3 mill. kr
12,8 mill. kr
Utbyte pr. aksje
6 460 mill. kr
5 500 kr pr. aksje
Eigenkapital
771,2 mill. kr
765,1 mill. kr
Eigenkapitalprosent
34,2 %
33,6 %
Eigenkapitalrentabilitet
4,6 %
4,2 %
 
Investeringar
Tussakonsernet investerte for 163,9 mill. kr i 2015. Dei største investeringane er gjort innanfor nettanlegg, fiber, og krafproduksjon.