(17.06.2020)
 

Årsrapport 2019

Tussakonsernet hadde eit høgare driftsresultat i 2019 enn i 2018, og alle forretningsområda leverte betre resultat. Tussa fekk eit årsresultat på 96,8 mill. kr i 2019.

Årsrapport 2019

Rekneskapen for Tussakonsernet i 2019 viser samla driftsinntekter på 1 134,2 mill. kr (1 048,2) og eit driftsresultat på 205,3 mill. kr (132,5). Resultat før skatt er 174,0 mill. kr (98,1) og etter skatt er resultatet 96,8 mill. kr (56,2). Tilsvarande tal for 2018 står i parentes.

Innanfor drifta har vi auke i omsetninga med 86 mill. kr (8,2 %). Både IKT, installasjon og nettverksemd kan vise til auka omsetning i høve til 2018. Innanfor kraftproduksjon har både volum og oppnådd pris vore høgare i 2019 enn året før. I tillegg kjem delar av omsetningsauken som følgje av at Tussa Energi i 2019 har selt all sin kraftproduksjon til kraftbørsen Nordpool, etter at Tussa-24 og Mørenett vart eigne aktørar på Nordpool i løpet av 2018. Kraftsal som tidlegare vart eliminert på konsernbasis, er i 2019 i si heilheit ekstern omsetning.

I same periode viser samla driftskostnader ein auke på 13,2 mill. kr (1,4 %). Auken har i stor grad samanheng med at kraftkjøpskostnad som tidlegare var intern og vart eliminert på konsernbasis, no er ekstern ved at Tussa-24 og Mørenett kjøper kraft direkte frå Nordpool. I tillegg hadde ein i 2018 vedlikehaldskostnader på 32,1 mill. kr i samband med rehabiliteringa av Tussa kraftverk. Dette bidreg til at kostnadsauken frå 2018 til 2019 vert forholdsvis liten.

Eigenkapitalen til konsernet utgjorde 33 % (29,5 %) av totalkapitalen ved årsskiftet. Konsernet sin eigenkapitalrentabilitet vart 19 % før skatt (11,4 %). Avkastninga på totalkapitalen vart 9,3 % (6,8 %).

Energiproduksjon og engros-krafthandel

I 2019 vart driftsresultat for produksjons- og engrosverksemda 110,9 mill. kr (70,0), og resultat før skatt vart 111,1 mill. kr (53,3). Tussa Energi AS har dei siste åra hatt høg oppetid og lite driftsavbrot som følgje av feil i eigne anlegg. I all hovudsak gjeld dette også for 2019.

Det vart produsert 638 GWh elektrisk kraft i 2019. Til samanlikning vart det produsert 594 GWh i 2018. I 2019 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 38,0 øre/kWh mot 42,3 øre/kWh i 2018.

Året starta med magasinfylling på om lag 107 % av normalfylling. Årsaka til dette var mykje nedbør hausten 2018 og høg magasinstand etter revisjonsstansen i Tussa kraftverk. Den store haustnedbøren i 2019 gjorde at vi enda på 113 % av normalfylling ved årsslutt.

Tussa Energi AS har også ansvaret for meirverdiar som blir skapt gjennom sal av fornybar energi, og denne handelen gav eit positivt resultat i 2019. Frå kraftverk som har rett til elsertifikat har vi fått sertifikat tilsvarande 103,2 GWh.

Samla oppnådd pris for den produserte krafta, utan elsertifikat og andre grøne tillegg, vart 37,8 øre/kWh i 2019 om lag det same som i 2018.

Kraftsal

I 2019 hadde forretningsområdet eit driftsresultat på 4,5 mill. kr (1,5) og eit resultat før skatt på 4,1 mill. kr (0,9).

Både i bedrifts- og personmarknaden har det vore hard konkurranse om kundane og låge marginar. Kundane i Tussa sitt eige område er meir lojale enn kundar konsernet har frå andre delar av landet. Tussa har ei stor kundemasse i området, noko som er eit godt grunnlag for vidare utvikling.

Kraftnett

Tussa sin part av Mørenett AS hadde eit driftsresultat på 64,4 mill. kr (54,6) i 2019 medan resultatet før skatt vart 49,6 mill. kr (47,5).

Det økonomiske resultatet er godt med bakgrunn i selskapet sine mål om å bli meir kostnadseffektivt over tid. Endringa i driftsresultatet frå 2018 til 2019 er ein kombinasjon av høgare nettinntekt og lågare kostnader. Personalkostnadene er reduserte som følgje av endring i pensjonskostnadene til ytingsbasert pensjonsordning.

Installasjon

Forretningsområdet hadde eit driftsresultat på 2,2 mill. kr i 2019 (-1,7), medan resultatet før skatt vart på 1,9 mill. kr (-1,6).

Driftsresultatet vart forbetra frå 2018 til 2019 med 3,8 mill. kr, trass i ein svak start på fyrste kvartal. Utover året har det likevel vore god ordreinngang og tilgang på arbeid. Marknaden er framleis prega av hard konkurranse, men det er høg aktivitet i selskapet og utsiktene i 2020 er difor gode.

IKT

Forretningsområdet hadde eit driftsresultat på 26,2 mill. kr i 2019 (17,5) medan resultatet før skatt vart på 19,3 mill. kr (8,6).

Eksterne kommunikasjonsprodukt hadde ein omsetningsvekst på 7,7 mill. kr. (6,9 %) i 2019 og eksterne IT-produkt hadde ein omsetningsvekst på 7,3 mill. kr. (12,7 %). Det er potensiale for ytterlegare vekst både innanfor kommunikasjons- og IT-tenester.