(27.03.2019)
 

Acel flyttar til Tussa datasenter

Frå 1. april vil alle serverane til Acel køyre i Tussa sitt miljøvenlege datasenter i Ørsta.

- Vi har lenge hatt eit godt samarbeid med Acel-gruppa, der vi har stått for drift og vedlikehald av IT-systema i deira eige datasenter. No var tida inne for å oppdatere IT-løysinga, og Acel valde å flytte alle serverane og tenestene inn til datasenteret vårt. Vi er svært glade over å ønskje dei velkomne til det miljøvenlege datasenteret vårt, seier Kjell Arne Sommerstad, salssjef i Tussa IKT.


Kjell Arne Sommerstad, salssjef i Tussa
 
Miljø og sikkerheit viktig
Tussa har i dag eit av dei mest miljøvenlege og framtidsretta datasentera i Noreg. Varmen som serverparken genererer vert ikkje blåst ut i det fri, som mange andre stader. Han vert brukt til å varme opp bygg. I tillegg kan datasenteret skilte med topp sikkerheit, både med omsyn til å tole varme, vatn og gass, men også med omsyn til forsyning av straum og fibernett.

- Vi er ein elektroentreprenør med aktivitet over heile verda, og dette var viktige argument for å flytte serverane våre til Tussa. Vi har miljø i fokus, og skal vere ein påliteleg partnar innan elektro for kundane våre både på land og den maritime marknaden, seier Jostein Christiansen, Finance Manager i Acel.

- Acel leiger serverkapasitet hos oss, og vi har ansvaret for å halde serverparken oppe til ei kvar tid, seier Sommerstad.
 
Miljø og sikkerheit er viktig for Acel og to av årsakene til at dei valde Tussa datasenter
 
Acel
Acel-gruppa er ein total elektroentreprenør med hovudkontor i Ålesund. Dei har totalt 120 tilsette i Noreg og Litauen, og avdelingar innan engineering, tavleproduksjon, marine installasjonar i nybygg og ombyggingsprosjekt, maritim/offshore-service over heile verda, elektroinstallasjonar og service mot bustader og næringsbygg.
 
Om Tussa IKT
Tussa IKT er eit dotterselskap i Tussakonsernet som produserer og sel kommunikasjons- og IT-tenester. Tussa IKT sitt breibandsnett dekkjer heile søre Sunnmøre, og selskapet har over fleire år hatt ei offensiv fibersatsing mot hushaldningar og bedriftsmarknaden. Parallelt med dette blir det satsa sterkt på IT-tenester til næringslivet.