(12.05.2020)
 

Tussa si direktesending på 17. mai på eigen TV-kanal for institusjonar

Bebuarar på omsorgsbustader, sjukeheimar og sjukehus kan følgje Tussa si direktesending 17. mai på TV. Slik når sendinga, som primært blir vist på Facebook og YouTube, ut til enda fleire.

Tussa har over ei tid levert TV-tenester på ei eiga plattform til sjukehuset i Volda og til sjukeheimar og omsorgsbustader i Ørsta, Vanylven og Ulstein. Nyleg vart det også inngått avtale med Hareid kommune, og kommunen blir kopla opp i desse dagar. 

 
I samarbeid med partnaren vår, Telia, har vi lukkast med å få etablert ei teknisk løysing som gjer at vi kan tilby 17. mai-sendinga på TV-kanal 999. Dette vil gjere det lettare for dei brukarane som opplever det som komplisert å bruke Facebook å få sjå sendinga. For å vere trygge på at løysinga fungerer 17. mai så vil vi i samarbeid med institusjonane gjennomføre ei prøvesending i framkant. Sendinga vil også bli sendt i reprise på kanal 999.
 
Det vil vere om lag 700 brukarar som kan nytte seg av denne TV-kanalen. Om det i framtida skulle bli aktuelt å sende anna lokalt TV-innhald til institusjonane, så kan løysinga som er etablert også brukast til dette.
 
Tussa klarer ikkje å sende på denne TV-kanalen til folk flest sidan dette er ei anna teknisk løysing med andre rettigheiter. Hovudkanalen for sendinga er difor Tussa si Facebookside. Vi vil også minne om at TV-kanalen Sunnmøre Live vil sende delar av Tussa si 17. mai-sending.