Aktuelt og media
(11.09.2017)
 

No startar Krafttaket 2017

Med mottoet "med kraft til å skape gode gjerningar" er Krafttaket 2017 i gang. Det er 5. gongen Tussa arrangerer Krafttaket, der 10 lag og organisasjonar konkurrerer som sin del av premiepotten på 100 000 kroner.

Krafttaket

Eit stort utval frivillige lag og organisasjonar gjer bygdene våre til attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Tussa vil at alle lag, organisasjonar, korps og skuleklasser skal nyte godt av å bu i Tussaland, no og i framtida.

I over 60 år har vi vore ein bidragsytar til lokal verdiskaping. Det har vi tenkt å halde fram med. Gjennom Krafttaket ønskjer Tussa å engasjere frivillige lag og organisasjonar til å gjere ei god gjerning mot å få sponsorstøtte. Vi deler difor ut 100 000 kroner fordelt på 10 deltakarar i Krafttaket kvart år. Størrelsen på støtta kjem an på kor stort engasjement kvar einskild av desse klarar å skape, og det er publikum som stemmer fram resultatet.

Dei 10 deltakrane i Krafttaket og den gode gjerninga dei skal gjere:

1. Vartdal skitrekk: Rydding av langrennsløype

2. Barnekoret FRAM: Halde konsert på omsorgssenteret på Fiskå

3. Hødd handball: Rydding av strender i Ulstein kommune i strandsone Osnessanden til Roppesanden

4. Ulstein Tensing KFUK - KFUM: "Syngande gåvekort" - gå rundt på alders- og sjukeheimane i Ulsteinvik. Synge nokre gode, gamle songar, og nokre av dei nye dei har. Servere sveler og slå av ein prat med bebuarane

5. Gjerdsvika IL: Fjelltrimmen inviterer heile bygda til gåtur med matpause frå Sædalen til Hidsdalen

6. Ulstein ungdomsskule: Yte så mange gode gjerningar dei kan for både unge og gamle med høgt fokus på å hjelpe andre

7. Ulstein og Hareid dykkerklubb: Rydding av hamnebasseng i Ulsteinvik og Hareid

8. Volda innebandyklubb: Prosjekt super-innebandy som gir personar med spesielle behov moglegheit til å vere med og spele innebandy

9. Vanylven Røde Kors Hjelpekorps: Arrangere søk- og redningsøving for ungdomar i Vanylven. Prøve seg på bruk av radiosamband, delta i søkerekker, gi førstehjelp til skadde personar og hente ut skadde personar med båre

10. Austefjord IL: Rydding av råsa til Langvassætra i Austefjorden
 
Les meir om Krafttaket og stem her: www.krafttaket.no