Kva leitar du etter?

854b485d bcd0 44b5 b640 8d877b35ae9f
Sist vi inviterte til kundekveld var det stinn brakke både i Volda og Ulsteinvik

Tussa og Elkjøp inviterer til kundekveld 27. oktober

20.10.2022

Tidleg ute med julegåvene i år? Vi gjentek suksessen og inviterer til kundekveld hos Elkjøp i Volda og Ulsteinvik 27. oktober klokka 19:30. Arrangementet er gratis, og eksklusivt for deg som er Tussakunde.

I tillegg til mange supertilbod eksklusivt til deg som er Tussakunde, blir det konkurransar for store og små, der du kan vinne alt frå gamingutstyr til robotstøvsugarar. Alle som møter opp er med i trekkinga av to 65" TV-ar frå LG.

Kaffi og kundeservice

Har du problem med det trådlause nettet heime? Er det noko anna du lurer på? Vi byd på ein kopp kaffi og pop-up kundesenter, og kan gje gode råd og anbefalingar for å forbetre dekninga i heimen din.

E-sport og gamingstasjon

Denne gongen har vi gamingstasjonar der dei yngste får prøve fleire populære spel, og få gode tips frå proffane. I Ulsteinvik møter dykk Metizport, ein eliteklubb i e-sport frå Fosnavåg, og i Volda møter dykk Volda E-sport, ein lokal breiddeklubb som organiserer treningar og turneringar i e-sport.

Førre gong vi arrangerte kundekveld fekk vi over 200 besøkande, og vi tek sikte på å slå rekorden denne gongen!

Om du tek turen innom kan vi freiste med fleire gode tilbod, blant anna:

Rabattar gaming
15% på alt av gamingtilbehør
Rabattar bluetooth
15% på alle Bluetooth-høgtalarar
Rabattar headset
15% på øyreproppar og headset
Rabattar lydplankar
20% på alle lydplankar
Rabattar støvsugar
15% på alle tradisjonelle støvsugarar
Rabattar serviceavtale
20% på alle serviceavtalar
Rabattar samsungq77b2022
55" og 65" QLED-TV frå Samsung
Rabattar lgnano816
55" og 65" NanoCell-TV frå LG
Rabattar vivobook
Asus Vivobook bærbar PC
Rabattar samsungbespokejet
Trådlaus støvsugar frå Samsung
Rabattar philips
Philips kaffimaskin
Rabattar krups
Krups Arabica Latte kaffimaskin
Rabattar lenovolegion
Gaming-PC frå Lenovo
Rabattar electroluxhygienic
Trådlaus støvsugar frå Electrolux
Rabattar ideapad
Bærbar gaming-PC frå Lenovo
Rabattar premiumwifi
Gratis etablering på Premium WiFi
Rabattar tvogstrøyming
TV og strøyming frå Telia

For å melde deg på kundekvelden kjøper du ein gratisbillett til arrangementet på knappen under. Inne på Tikkio.no vel du stad og klokkeslett. Du får spørsmål om å fylle ut kundenummer for å melde deg på. Dette finn du i ein e-post eller faktura frå Tussa, eller om du loggar inn på Di Side. Det er eit avgrensa tal plassar for ulike klokkeslett, så ver tidleg ute! Du får billetten på e-post, og denne bør du ha med deg på mobil eller papir når du kjem.

Registrer deg i døra ved ankomst for å vere med i trekkinga. Det blir kåra ein vinnar frå kvar butikk som får ein LG 65" QNED816 4K LED TV med 120 Hz biletpanel. Vinnarane blir trekt tilfeldig blant deltakarane, og blir kontakta per e-post. Vi trekk ein ny vinnar dersom vi ikkje får svar innan 48 timar. Vinnarane av alle konkurransar frå kundekvelden blir trekt i veke 44.