
Tussa og Elkjøp inviterer til kundekveld 14. juni
Treng du ny mobil eller bærbar PC? Eller har du problem med det trådlause nettet? Tysdag 14. juni klokka 19:30 inviterer Tussa og Elkjøp til kundekveld hos Elkjøp i Volda og Ulsteinvik. Alle som dukkar opp på kundekvelden er med i trekkinga av to 75” TV-ar frå TCL med 4K-oppløysing og integrert lydplanke.
Her byd vi på ein kopp kaffi, pop-up kundesenter og eksklusive tilbod til deg som er Tussakunde. Du får moglegheita til å vinne ein ny TV eller helgepass til Heimebanefest. Om du har ei gamal TV-boks kan du byte til nye Telia Box heilt utan kostnad.
Om du tek turen innom kan vi freiste med fleire gode tilbod:
- 25% på alle supportavtalar hos Elkjøp
- 2000,- avslag på Samsung S21 FE med abonnement
- Samsung bærbar PC til 3990,- (førpris 7990,-)
- Philips 8000 series trådlaus støvsugar til 4990,- (førpris 7990,-)
- Gratis etablering for Premium WiFi frå Tussa
- Gratis etablering, 4 månader gratis digital-TV frå Telia og nye Telia Box inkludert utan ekstra kostnad (føreset fiberabonnement)
Over 200 personar møtte opp på Elkjøp i Ulsteinvik og Volda denne tysdagskvelden. Det var Roar Bjarte Rønning og Bjørn Baade som vart trekt ut som heldige vinnarar av kvar sin TV, og i tillegg kåra vi 10 heldige vinnarar som fekk tilsendt kvar sitt helgepass til Heimebanefest.
Vi takkar for godt oppmøte, og håpar at du hadde ei fin oppleving. Vi håpar å kunne invitere til liknande arrangement i framtida.