Kva leitar du etter?

TSA8223 mindre

Åtvarar mot usikker is

05.04.2022

På regulerte vatn er isen usikker, og vi ber skigåarar og andre som ferdast på isen om å vere forsiktige.

På grunn av vasskraftproduksjon vil regulerte vatn ha endringar i vasstand og gjennomstrøyming som er ulikt frå forholda på uregulerte vatn. Sjølv om isen ligg tjukk på mange vatn, kan isen langs kantane sprekke opp grunna endring i vasstanden. Det kan difor vere utrygt langs kantane, ved bekkeosar og inntak/utløp til dammar og kraftstasjonar.

Kart regulerte vatn 2022
Regulerte vatn med svekka is er merka med blått. Vesentleg svekka is er merka med raudt.

Kart over regulerte vatn

Noreg sitt vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeida eit kart over svekka is som du finn på nve.no.

Sjå www.varsom.no/isvarsel for oversikt over isforhold i Møre og Romsdal og resten av landet.

Vi ønskjer deg ei god og trygg påske!