RSS - Tussa
(04.02.2021)
 

Wifi-analyse og kunstig intelligens skal gi betre trådlaust nett

Tregt nett eller dårleg dekning kan vere ei utfordring for internettkundar. Tussa har teke i bruk mange verkemiddel for å avdekke og utbetre svakheiter i nettet. Det aller nyaste tiltaket er eit system som måler kvaliteten og kapasiteten på heimenettverket til kundane, og identifiserer svakheiter, aller helst før kunden merkar det sjølv.

Systemet, som heiter EyeSaaS Carat, er basert på kunstig intelligens, og vil analysere informasjon om dekning, kapasitet og flaskehalsar i nettet til kundane. Dersom noko ikkje fungerer som det skal, får Tussa sine teknikarar melding om det, og kan setje i verk tiltak.
 

Målretta innsats

- I november gjennomførte vi ei omdømmemåling blant kundane. Det var kjekt å få tilbakemelding om at kundane var godt fornøgde, men det kom også fram at vi bør gjere wifi-opplevinga enda betre. Carat gir oss moglegheit til å gå målretta til dei kundane der wifi ikkje fungerer så godt som det kan gjere, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Gjennom Carat måler Tussa wifi-statusen over tid i kvar heim, og gir heimen ei grøn, gul eller raud farge. I gule og raude heimar kan Tussa gå grundigare til verks, og måle dekning, kapasitet og utstyrskvalitet.

Eit av fleire verkemiddel

Fram til no har Tussa spurt kundane om det trådlause nettet fungerer godt, og har kontakta dei som ikkje var nøgde med den trådlause løysinga. Der det har vore naudsynt, har breibandspatruljen besøkt kundane heime, for å hjelpe dei å setje opp det trådlause nettet på beste måte.
 
 
- I løpet av 2020 var breibandspatruljen heime hos om lag 600 kundar. I tillegg til å tilby heimebesøk, skiftar vi kontinuerleg ut modem og anna utstyr. I 2021 vil 2000 kundar få tilbod om nye fibermodem. Vi testar også ut ei ny premium wifi-løysing. Målet vårt er at alle kundane våre skal ha trådlaust internett som dekkjer behova på ein god måte, seier Driveklepp.
 
 

Breibandspatruljen, her ved Eirik Sunde og Brede Opsahl Haugen, besøkjer kundar heime for å setje opp det trådlause nettet på best mogleg måte. Det er ei populær teneste som kundane er svært godt fornøgde med.
 

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200