RSS - Tussa
(08.05.2020)
 

Vinnar av kundeserviceprisen 2020

Hurra! Tussa har igjen vunne prisen for å ha beste kundeservice i Noreg i kategorien energi. Tussa vann også denne gjeve kundeserviceprisen i 2017 og i 2019.

Kundeserviceprisen kårar årets beste på kundeservice innanfor 23 ulike kategoriar. I år var heile 181 selskap med i vurderinga innanfor dei ulike kategoriane. På grunn av koronautbrotet er sjølve konferansen med premieutdeling utsett til hausten, men kåringa av alle kategorivinnarane vart gjennomført digitalt 7. mai.

Sjå den digitale utdelinga her: https://vimeo.com/415459970
 

Ekte kundefokus og kultur

- Dette er kjekt! Vi er utruleg stolte av dei dyktige energirådgjevarane våre. Det handlar om å ha kunden som førsteprioritet. Kulturen vår og medarbeidarane våre kan ingen kopiere, og det er det som skil oss frå konkurrentane våre over tid. Vi har tilsette som brenn for jobben og som strekkjer seg litt lengre for å hjelpe kundane. Målet vårt er nettopp å ha Noreg sine mest fornøgde energikundar, seier Lise Ulstein, marknadssjef i Tussa-24.

Kundesenteret er sjølve hjartet i Tussa og jobbar kvar dag for å levere personleg, ærleg og ekte kundeservice. Dette har vore eit prioritert satsingsområde for bedrifta i fleire år. Då er det kjekt å sjå at det gir gode resultat.

Det er ikkje første gong Tussa blir premiert for framifrå kundeservice.
Her frå prisutdelinga i 2019.
 
- Denne prisen gir oss inspirasjon til å stå på vidare og skape enda betre kundeopplevingar, seier Ulstein.
 

Nummer to totalt

I tillegg til å vinne energiklassen kom Tussa på ein god 2. plass totalt på tvers av alle 23 bransjane, i konkurranse med 181 andre selskap. Totalvinnar av alle bransjane vart Ice Mobil med 92,1 poeng. Tussa kom hakk i hel med 89,1 poeng.

 

"Mystery shoppers"

Kundeserviceprisen er ein årleg test av kundesentra i Noreg, utført av selskapet SeeYou. Undersøkinga «Best i test» går føre seg frå november til april. Tussa kundesenter har blitt kontakta av 25 ulike "mystery shoppers" gjennom kommunikasjonskanalane telefon, chat og e-post.

Kundehandsamarane blir vurdert etter korleis dei tek i mot kundane, korleis henvendinga blir handtert, i tillegg til den totale kundeopplevinga.

Vinnarkriterium

Ifølgje undersøkinga vinn Tussa Kundeserviceprisen 2020 fordi kunderådgjevarane leverer på eit høgt nivå innan alle kommunikasjonskanalane, har høg fagkompetanse, gode behovsanalysar, viser ekte interesse og glede i samtalane og har god kontroll på tilbod og oppfølging. Dei viser at dei er ekte opptekne av kunden, og det er noko alle tilsette på kundesenteret har som førsteprioritet kvar dag.
 
- Målet er sjølvsagt å ta steget opp og vinne heile konkurransen til neste år, avsluttar Ulstein.

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200