RSS - Tussa
(06.04.2020)
 

Vi held fram med levere fiber

Sjølv om vi er inne i ein svært utfordrande og spesiell kvardag held vi fram med å byggje ut fiber på søre Sunnmøre.

I samarbeid med bedriftshelsetenesta har vi utarbeidd eigne rutinar for alle installatørar som gjennomfører heimebesøk. Vi er opptekne av at både kundane våre og installatøren skal føle seg trygge.
 
Alle heimebesøk vert avtalt per telefon på førehand. Kunden og installatøren fyller i fellesskap ut ei sjekkliste som vi har kalla "Enkel risikovurdering av koronasmitte". Dersom både kunden og installatøren føler seg trygge på at det er greitt å utføre installasjonen innomhus, går installatøren i gang med arbeidet. I tillegg gjeld sjølvsagt basisreglane om å ikkje handhelse og å halde minst to meter avstand.
 
Installatørane jobbar måndag, tysdag og onsdag i påskeveka, og startar så opp igjen arbeidet tysdag etter påske.
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200