RSS - Tussa
(30.05.2018)
 

Utbygginga av Tenneelva er godt i gang

I Vanylven byrjar Tussa sitt nyaste kraftverk å ta form. Tenneelva kraftverk skal etter planen stå ferdig i november. No vert det jobba for fullt med kraftstasjon, rørgate og veg opp til Tennevatnet.

Tenneelva kraftverk blir Tussa sitt 22. vasskraftverk, og det femte som vi byggjer i Vanylven kommune. Installert effekt på kraftverket er 3,4 MW og normalproduksjonen vert på 10,3 GWh i året.
Anleggsarbeidet i Norddalen starta i august i fjor. Då vart det bora 400 meter rørgate gjennom fjellet, og ein starta arbeidet med skogsveg opp til Tennevatnet der det skal byggjast ein liten dam og lukehus. No i mai har det vore mykje arbeid på kraftstasjonstomta og med rørgata. I tillegg til dei 400 metra med rørgate gjennom fjellet, skal 600 meter med rør gravast ned i terrenget frå kraftstasjonen og opp til boreholet i fjellsida.
 
 
Ny boreteknologi
Boreteknologien som vart nytta er heilt ny, og det er første gongen Tussa har bygd rørgate på denne måten. Ein bananforma tunnel på 400 meter er bora ut i fjellet ved retningsstyrt fjellboring. Navigasjonssystemet som styrer boret er utvikla av romfartsorganisasjonen NASA.
 
- Vi søkjer heile tida etter nye og effektive måtar å byggje kraftverk på. Det er Vest-Agder-firmaet Norhard som har stått for boringa, og boret gjekk dag og natt i 10 døgn. Då var tunnellen, som har ein diameter på 74 cm, ferdig, fortel prosjektleiar Øyvind Eidså.
 

Boreholet i fjellsida. Tunnelen går bratt opp 400 meter til Tennevatnet.
 
Full produksjon til våren
I følgje prosjektleiar Øyvind Eidså skal kraftverket stå ferdig til prøvedrift i november, men det er først når snøsmeltinga startar til våren igjen at maskinene vil gå for fullt. Tenneelva kraftverk er eit elvekraftverk som brukar den kontinuerlege vasstrøymen i elva til kraftproduksjon. Vassføringa kan berre i ubetydeleg grad regulerast gjennom inntaksmagasinet og den vesle demninga som vert bygd i Tennevatnet.
 
Godt samarbeid med grunneigarane
Tussa har inngått avtale med grunneigarane i Norddalen om å byggje kraftverket. Fleire av dei har arbeidd for kraftverk i elva sidan midt på 90-talet, og er godt fornøgde med å få Tussa, den lokale kraftprodusenten- og utbyggjaren med på laget. 
 
Teknisk informasjon
Tenneelva kraftverk vil ha ei maks slukeevne på 970 liter i sekundet og det vert installert ein fleirstråla peltonturbin. Installert effekt vil vere 3,4 MW og det er berekna ein årsproduksjon på 10,3 GWh. Fallhøgda frå Tennevatnet (531 moh) til kraftstasjonen vert på 404 meter. Det skal sleppast ei minstevassføring på 55 liter i sekundet om sommaren og 25 liter i sekundet resten av året. Vassvegen vert på om lag 1 km; 400 meter tunell i fjellet og 600 meter nedgrave duktil rørgate med diameter på 60 cm.
 

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200