RSS - Tussa
(27.10.2020)
 

Tussaligaen open for påmelding

Tussaligaen skal samle spelinteressert ungdom og vaksne på søre Sunnmøre. No er det opna for påmelding til andre sesong.

Det er mogleg å melde seg på i spela Fifa, Rocket League og CS:GO. Alle foto er frå først sesong av Tussaligaen.

 For påmelding og meir informasjon, sjå www.tussaligaen.no.
 

Gjentek suksessen

Det var i fjor at Tussa gjekk ut med nyheita om at dei lanserer e-sportliga. Interessa for e-sport er i sterk vekst i Noreg. Gjennom Tussaligaen kan lokal ungdom og vaksne konkurrere i utvalde onlinespel, og første sesong av den lokale e-sportligaen samla 200 ungdommar. 
 
- Vi ønskjer å skape ein arena på søre Sunnmøre der lokale spelinteresserte kan møtast for å konkurrere. Vi vil gjennom Tussaligaen stimulere til god spelkultur og samhald, og vil gjerne sjå at e-sport utviklar seg til ein velorganisert breiddeidrett i området vårt, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 

Samarbeid med Barnevakten

Tussa er breibands- og IT-leverandør, og har mange medarbeidarar og kundar med stor interesse for e-sport. Tussa bidreg til samfunnsutviklinga på søre Sunnmøre, og som lokal sponsor er vi kjend for å gi støtte til lag og organisasjonar. Som eit ledd i dette har Tussa også inngått eit samarbeid med Barnevakten, ein ideell foreldreorganisasjon som arbeider for at barn og unge skal bruke media på ein trygg og bevisst måte. Gjennom ei stipendordning kan skular på søre Sunnmøre søkje om å få dekt føredrag om nettvett.
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200